Kvifor kallar me oss kristne?

Kvifor kallar me oss kristne når me ikkje trur på Gud? Me seier at me gjer det, ja, men lagar eigne bud.
Kva skal me vel med Bibelen, kva bryr me oss om han, når det som ikkje passar oss, me berre sløyfa kan?

Ja, me som trur mest på oss sjølv, kva skal me kalla oss? Me som vil ha eit enkelt liv og ikkje bera kross.
Når Ordet synest vanskeleg, ja uforståeleg, då vel me lett ein nyare og meir moderne veg.

Men kanskje bør me spørja Gud kva namn Han oss vil gje? Kvifor han sende Sonen sin, som nagla vart til tre?
Var det fordi med eigentleg kan finna vegen sjølv, og det me tenkjer, trur og gjer er like reint som sølv?

Nei, namnet vårt er sjølvkloke, fortapte, ville lam, med lite meir å skryta av enn store ord og skam.
Og største synda er vel den at me vil vera gud, og sjølv få laga det som kjennest ut som gode bud.

Men er det slik at alle vegar går mot same stad? Og same kva me trur på så er allting like bra?
Kan henda mange vegar faktisk går i same lei, men Vegen heim til himmelen er ikkje mellom dei.

Takk, Jesus, at du er Guds Lam som bar all verdsens synd! Slik er du òg den einaste som tilgje kan med mynd.
Takk at du straffa tok for all vår trang til å ver’ gud, og for at du har oppfylt heilt kvart einaste Guds bud.

Du kom fordi du elskar oss. Kven kan vel det forstå? Og utan å fortena det me barnekår skal få.
Du er så heilt urimeleg, urim’leg god mot oss. Takk, Jesus, at du frelste oss og døyde på ein kross!