Ta på Guds rustning!

Korleis skal ein kristen forhalda seg mot djevelen og hans falne englar – vondskapens åndehær? Det står mange ting om det i Efesarbrevet 6. Det byrjar i vers 10: «Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft». Korleis? Ved å ta på Guds fulle rustning: sanningsbeltet, rettferda som brynje med fredens evangelium på føtene, med trua sitt skjold, med frelsens hjelm.

Guds ord – Andens sverd
Alt dette er forsvarsvåpen, og så kjem eit angrepsvåpen og det er Andens sverd, Guds ord. Djevelen og dei vonde englane er redde for Guds ord. Då vert dei avslørte, og då må dei vika. Det var dette ordet Jesus brukte då Satan angreip i ørkenen, det som står omtala i Matteusevangeliet 4. Då sa Jesus: «Det står skrive», «det står atter skrive» – og då måtte djevelen og hans åndehær vika. Når dei djevelske kreftene angrip, som me i vår lutherske terminologi beskriv som djevelen, verda og vårt eige kjøt – då må me bruka Guds ord. Derfor treng ein kristen dagleg å leva i Ordet.

Paul Gerhard skriv i sin mektige salme «Velt alle dine veier» (Sb 386), i det 5 verset: «Og om alt Satans rike vil stride Gud imot, skal Herren aldri vike, han trår det under fot. Det gode han vil sende, og det som er hans mål, det skal så sikkert hende, når bare vi gir tål». Gud har framleis all makt i himmel ogpå jord. Djevelen får ikkje gå eit hakk lenger enn det Gud tillet.

Forbøna si makt
Paulus fortset i Ef 6:18-20: «Bed til ei kvar tid i Anden med all bøn og påkalling. Ver årvakne i dette, og ver uthaldande i bøn for alle dei heilage, og bed for meg òg, at det må verta gjeve meg ord når eg opnar munnen min, så eg med frimod kan kunngjera løyndomen i evangeliet – for den er eg sendebod i lekkjer! – så eg kan vera frimodig i han og tala slik eg bør tala».

Sjølv apostelen Paulus hadde behov for at det var nokon som bad, og som ropa til Herren når han skulle forkynna Ordet. Eg trur ofte me har gløymt dette i dag – at når Guds ord i sanning vert forkynt, då er det ein veldig kamp i åndeverda, frå vondskapen sin åndehær, for å hindra at åndsmakt frå himmelen kan få gjennomslag der Guds ord vert forkynt. Guds folk kan vera med å nedbe åndsmakt over dei som stig fram med Guds ord – slik at den himmelske åndsmakta får gjennomslag. Men Guds folk gløymer ofte dette, og difor er det få som har syn for bønemøta i dag.

Åndskamp
Israelsfolket er på veg gjennom ørkenen, og Amalek angrip ved Refidim (2Mos 17). Amalek var eit folk som djevelen bruka til å angripa Guds folk på ein spesiell måte. Det var i slaget med Amalek at Saul vart freista av det bannlyste godset. Det var ei djevelsk ånd med dette folket som angreip Israel – gong etter gong.

«Då sa Moses til Josva: Tak oss ut mannskap, drag så ut og slåst mot Amalek! I morgon vil eg stå øvst på haugen med Guds stav i handa» (2Mos 17:9). «Då gjekk det slik at så lenge Moses heldt handa si lyft, hadde Israel overtaket, men når han lét handa siga, då fekk Amalek overtaket. Men då hendene til Moses vart for tunge, tok dei ein stein og la under han, og han sette seg på denne. Og Aron og Hur stødde hendene hans, ein på kvar side. Så heldt hendene hans seg støe heilt til sola gladde. Og Josva slo Amalek med sverdsegg» (17:11-13).

Moses stod på fjellets topp med løfta hender til himmelen og med staven i handa. Staven er eit bilete på Guds ord og lovnader. Når hendene sokk, då tapte Guds folk, men når dei på ny vart løfta i bøn til himmelen i tillit til Guds ord og lovnader, då kjempa Herren for dei.

Gud høyrer bøn
Slik har det alltid vore gjennom historia. Når Guds folk har løfta sine hender og ropt til himmelen, då har Guds rike gått fram. Då har Herren kjempa for dei. Men problemet for Herren er at dette ikkje skjer utan at han gjerne må senda trengsel inn mellom Guds folk – då først ropar det til Herren.

Difor var det kyrkjeleiarar frå Kina sa til dei truande i vest på 80-talet: «Be om at Herren ikkje må ta lidinga bort frå den kinesiske kyrkja, for den har vore til så mykje velsigning». Martyrane sitt blod har vore kyrkja sin sæd.

I bibelfortolkinga «Gullgruben» seier Asschenfeldt-Hansen: «Også når det gjelder bønnen, er det om å gjøre å leve i de helliges samfunn. Det er bare i samfunnet med de hellige vi kan seire på samme måte som en soldat bare kan utrette noe sammen med sine stridsfeller». Kampen mellom Israel og Amalek understrekar det same: Det var Moses, Aron og Hur som i fellesskap måtte stå saman og hjelpa kvarandre.

Bønemøta viktigast
Derfor er også bønemøta dei viktigaste møta på bedehuset, men det er oftast dei dårlegast besøkte. Kvifor? Djevelen veit at det er livsfarleg når Guds folk samlast i bøn, og difor set han alt inn på å hindra det, for han veit kva verknad felles bøn har i åndskampen. Når me får det travelt, gløymer me det så lett.

Men så kan ein tenkja: Når Gud har all makt i himmel og på jord, kva vits er det då i å be. Hans Erik Nissen skriv om dette og seier: «I livet med Gud er ikke alt logikk. Der ber vi om at Gud skal gjøre det han gjør. Det henger sammen med at Gud vil binde oss til seg og sin vilje. Han vil skjenke oss sin velsignelse som svar på bønn».

Gud vil at hans folk skal vera avhengig av han i alle ting, og så vil han skjenka oss si velsigning som svar på bøn, slik at hans namn får ære, og ikkje mennesket.