– Eg er ikkje religiøs!
For ei tid attende kom eg til å treffe eit verdsleg menneske. Me kom i prat, og var innom ulike tema. Då me skildest kom eg til å spørje vedkomande om han ikkje ville vere med på ei samling på bedehuset nokre dagar seinare. Men han snudde seg raskt og sa: – Nei, eg er ikkje religiøs! Eg veit ikkje om du som les desse linjene tenkjer slik, at nokon er fotball-interesserte, nokon er ski-interesserte og andre er religiøst interesserte. Om ikkje du gjer det, er det mange menneske som tenkjer slik. Djevelen har ført uendeleg mange menneske til den evige fortapinga på denne trøystegrunnen, at dei ikkje var religiøst interesserte. Ein dag møtte Jesus ein fin ung mann. Han …