Kva seier Bibelen om englar?

Vårt norske ord «engel» kjem av det greske ordet «angelos» som tyder bodbærar. Det vert i bibelomsetjinga vår nytta for å beskriva dei personlege og overjordiske åndevesen som lever i umiddelbar fellesskap med Gud i himmelen, og som er tenande ånder som lyder røysta frå Herrens munn og som utfører Guds vilje for at menneske skal verta frelste:

«…de hans englar, de veldige i makt som set hans ord i verk, i det de lyder røysta frå hans ord!» (Sal 103:20). «Er dei ikkje alle tenande ånder, som vert sende ut i teneste for dei som skal erva frelsa?» (Heb 1:14).

Utalige er dei truande som har sett englar – i vanskelege situasjonar – og Bibelen har mange døme som stadfestar at det finst englar.

Kamp i åndeverda
Men Bibelen talar ikkje berre om dei himmelske og sanne englar, men også om dei falne, om djevelen og hans utsendingar. Difor er det også Paulus skriv til sine truande vener i Efesus:

«Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! Tak Guds fulle rustning på dykk, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot maktene, mot herrevelda, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelromet» (Ef 6:10-12).

J. F. Løvgren skriv i si bok, «Tre verdener», om det underlege som skjer i den skjulte og usynlege verden, parallelt med den verkelege, i kampen om sjelene. Mange menneske fornektar at det er ei slik verd, men Bibelen vitnar om at denne verda finst, om den ikkje er synleg.

Heilt frå skapinga til den endelege dommen, møter vi denne kampen mellom himmelhæren, som er Guds englar, og vondskapens åndehær. Det er framfor alt ein kamp om menneskesjelene – om di og mi sjel, om vi skal verta frelste eller gå fortapt.

Dei falne englane
Dette er ikkje ein kamp mot kjøt og blod, mot menneske, sjølv om desse åndskreftene kan møte oss gjennom menneske. Nei, det er ein kamp mot vondskapens åndehær, dei falne englane. Djevelen er fyrsten deira. At djevelen og dei onde englane eksisterar, les vi om i Op 12:7-9: «Det vart ein strid i himmelen. Mikael og englane hans tok til å strida mot draken. Og draken stridde, og englane hans. Og dei kunne ikkje stå seg, og det vart ikkje lenger funne nokon stad for dei i himmelen. Den store draken vart kasta ned, den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og satan, han som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han».

Gjennom djevelen kom synda inn i verda. Etter syndefallet har kvart einaste menneske fått del i arvesynda, denne onde natur som er på parti med djevelen sjølv. Bibelen omtalar det som kjødet. Paulus skriv til romarane og seier: – Det som kjødet trår etter er fiendskap mot Gud (Rom 8:7). Den fienden kjenner den truande til.

Sjølv om kampen i åndeverda er usynleg, er det likevel denne kampen som styrer verdens gang. Jesus om
talar djevelen som hovdingen over denne verda.

Vonde åndsmakter
Det er vonde ånder og åndsstraumar som skapar ideologiar og antikristlege tankesett, som kan forføre enkeltmenneske, land, folk og kulturar. Tenk berre på nazismen, som tok livet av mange millionar menneske – seks millionar jødar! Eller kommunismen. Det er sagt at Stalin åleine tok livet av 100 millionar menneske, og mange truande måtte lata livet.

Sosialismen i dei nordiske land har innført darwinismen som motbilete til Gud som skapar, der menneske vert gjort til dyr, og dei drep tusenvis av små born kvart år på norske sjukehus. Det er snakk om to skuleklassar kvar arbeidsdag – det er ei himmelropande synd! Berre i Noreg nærmar det seg ein halv million drepte sidan 1978 då lova vart innført. Det er djevelske åndskrefter som står bak, Antikrists ånd. Ein dag skal Antikrist sjølv stige fram på jorda, då skal vondskapen verte altomfattande.

Eller tenk på den nye ekteskapslova som øydelegg grunncella som Gud har skapt i samfunnet: ekteskapet og
heimen. Med makt, under deira toleranse-banner, skal det unormale gjerast til det normale! Vi merkar det også i kampen om borna frå dei er heilt små. Frå dei første år skal Jesus ut or barnehage og skule, og nåde den som vågar å opponere mot det. Jesus og Bibelen skal ut or samfunnet på alle vis. Det som kommunismen ikkje klarde med rå makt, skal sosialismen gjere med demokratisk fleirtalsdiktatur.

Kva er dette? Det er åndsstraumar som dei falne englane, vondskapens åndehær, med djevelen som førar, står bak. Det er forførande ånder som leier folket ut i synd, slik at vi som folk og land kjem inn under Guds vreide og dom.

Folkereligiøsitet og åndemaning
Gjennom nyreligiøsiteten har desse falne åndskreftene veldig vind i segla i dag. Det er veldig oppblomstring innan astrologien, som er ein samlebetegnelse på ulike ritual som gjev kontakt med desse vonde åndskreftene.

Vi møter dei i meditasjon, horoskop, hos spåmenn og -koner. På internett er det annonsar for sannsigarar over alt, sida opp og sida ned. Det verkar liksom meir ufarleg det namnet. Heile samfunnet og nær sagt alle media held på å verte infisert av dette.

Vi høyrer om menneske som har vore nær døden, der dei opplevde det vakkert og harmonisk, sjølv om
dei ikkje har hatt noko med Bibelens Gud å gjere. Eller desse som snakkar med dei døde. Det høyrest så fint og harmonisk ut. Men kva er alt dette? Jau, det er forførande ånder. Det er dei falne englane og vondskapens åndehær.

Når det gjeld desse «nær døden-opplevelsane» som vi høyrer om og kan finne på internett, så er det satan og vondskapens åndehær som skapar seg om til lysande englar, slik Bibelen seier det. Bibelen talar ikkje harmonisk om møtet med døden for det menneske som ikkje er frelst i Jesu blod, men seier: «Det er forferdeleg å falla i hendene på den levande Gud!» (Heb 10:31).

Forherda ikkje hjarto dykkar!
Det er ein himmel å vinna og eit helvete å unnfly, mens djevelen og dei falne englane gjer dette til noko ufarleg og harmonisk. Bibelen fortel om Lasarus og den rike mannen (Luk 16), om kva som skjer etter døden med det menneske som ikkje er ein truande, og det er forferdeleg! Difor er det også Bibelen seier: «I dag, om de høyrer hans røyst, forherda då ikkje hjarto dykkar!» (Heb 4:7).

I bibelutgåva frå 1930 står det slik:
«Når nogen vender sig til dødninge-manere og sannsigere og driver avgudsdyrkelse med dem, da vil jegsette mitt åsyn mot den mann og utrydde ham av hans folk» (3Mos 20:6).

I 1Krøn 10:13 står det: «Slik døydde Saul på grunn av den truløysa han hadde synt mot Herren, fordi han ikkje hadde halde seg etter Herrens ord, og like eins fordi han hadde spurt daudingmanarar til råds». Så alvorleg såg Herren på det å ha kontakt med desse demoniske og forførande kreftene.

«Satan sjølv skaper seg om til ein ljosengel», seier Paulus i 2Kor 11:14, og han opptrer både som ei brølande løva – for å skremme – men er gjerne farligast når han skapar seg om til ein lysets engel og når han står på talarstolen og fornektar det Skrifta talar klart om.

Antikrist
Når Paulus skriv til dei truande i Tessalonikia om den siste tid og om antikrist som skal stige fram, seier han:

«Den lovlause kjem etter satans verksemd med stor makt i lygn og teikn og under. Det går føre seg med allslags urettferd i forføring mellom dei som går fortapt, av di dei ikkje tok imot kjærleiken til sanninga, så dei kunne verta frelste. Difor sender Gud dei kraftig villfaring, så dei trur lygna» (2Tes 2:9-11).

Når menneska forkastar sanninga som Gud har gitt oss, kva skjer då? Jau, då står det at Herren sender kraftig villfaring i folket så dei trur løgna, og då er det desse sataniske kreftene får rom og stor makt, med løgn og teikn og under, som Bibelen her nemner. Dette skjer også mellom dei som kallar seg Guds folk.

Djevelen er avvæpna
Men det er noko vi ikkje skal gløyma: Djevelen og dei falne englane er ved Jesu død ein avvæpna ogslegen fiende. I Kol 2:15 står det: «Han avvæpna maktene og herredøma og synte dei ope fram, då han viste seg som sigerherre over dei på krossen». På Golgata kross vart denne fienden avvæpna. Men det er kun i Jesu namn han vert avslørt og overvunnen.

Ein dag skal djevelen og dei falne englane få sin endelege dom, slik det står i Op 20:10: «Og djevelen som forførde dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten òg var. Og dei skal pinast dag og natt i all æve».

Guds englar
Men vi skal seie litt meir om dei gode englane.

I Det gamle testamente møter vi ofte uttrykket «Guds engel». Denne engel ber også namnet «høvdingen for Herrens hær»:

«Medan Josva var bortmed Jeriko, hende det ein gong at han såg opp og fekk auga på ein mann som stod framfor han med eit lyft sverd i handa. Josva gjekk bort til han og sa: Er du med oss, eller er du med fiendane våre? Han svara: Nei, eg er hovdingen over Herrens hær. No er eg komen. – Då kasta Josva seg med andletet mot jorda og tilbad og sa til han: Kva har Herren min å seia tenaren sin? Og hovdingen over Herrens hær sa til Josva: Drag skoen av foten din! For staden du står på, er heilag. – Og Josva gjorde så» (Josva 5:13-15).

Fortolkarane er samde om at han som her står omtala som fyrsten for Herrens hær, denne Guds engel som vi møter i GT fleire stader, er Kristus før han kom i jordisk skapnad.

«No er eg komen», seier han. Han er i sanning hærførar for himmelhæren og sine englar. Ordet om at han no var komen, betyr at no var Herren komen med sin himmelske hær for å nedkjempe vondskapens åndehær. Han skulle begynne striden for å gje folket Kana’ans land.

Det er det som også må skje i våre bygder om vi igjen skal få vekking frå himmelen. Då må vondskapens åndehær nedkjempast, slik at Ordet og Anden får nå hjarto både hjå dei truande og dei vantruande.

Herrens engel møter vi igjen og igjen utover i Skrifta, og englane møter vi også på ulike vis. Vi kan tenkje på desse tre som kjem til Abraham i Mamres terebintelund. Dei fortel om lovnadsonen som skal koma. Då var Sara 90 år og Abraham 99. Gud greip inn og gjorde det umoglege mogleg.

Når englane forkynner dom
Men dei hadde også med ein annan bodskap. Herren sa til Abraham: «Klageropet over Sodoma og Gomorra er sanneleg sterkt, og synda deira er sanneleg utan måte. No vil eg stiga ned og sjå om dei på alle måtar har fare så ille åt som det høyrest ut til i det ropet som er nådd opp til meg. Har dei ikkje det, vil eg vita det» (1Mos 18:20-21). Det kjem til eit punkt der Gud ikkje kan halde dommen attende, og som land og folk er vi nok i dette grenseland i dag. Ropet frå dei hundretusenar små som er drepne på våre sjukehus, ropar til himmelen om dom. Den sodomittiske synd har fått rom heilt til topps i kyrkja, og ein tenkjer: kor lenge kan Herren halde dommen attende.

To englar reiser vidare frå Abraham og kjem til Lot i Sodoma om kvelden. Men mobben angrip. Lot og familien får beskjed om å flykte, med bodskapen: «For no skal vi øydeleggja denne staden, sidan klageropet mot dei er stort for Herrens åsyn, og Herren har sendt oss til å gjera ende på byen» (1Mos 19:13). Her kom englane ikkje med ein bodskap om frelse, men ein forferdeleg dom.

Englar med gledebod
I Det nye testamente møter vi også englar i ulike oppdrag. Jesu fødsel er vel det forunderlegaste møte med englar som mennesket nokon gong har sett:

«Det var nokre gjetarar der på staden som var ute på marka og heldt vakt over buskapen sin om natta. Og sjå, ein Herrens engel stod hjå dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. Men engelen sa til dei: Ver ikkje redde! For sjå, eg forkynner dykk ei stor glede – ei glede for alt folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og dette skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe. Og med eitt var det ein stor himmelhær saman med engelen, som lova Gud og sa: Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda, og Guds hugnad med menneske» (Luk 2:8-14).

Denne bodskapen som englane forkynte, vert enno forkynt over den vide jord. Frelsaren som vart fødd, han døydde for alle menneske, for deg og meg, og stod opp for oss, og ein dag skal han kome i sky for å hente si brud. Då skal dei truande få møte han, og sjå han og alle englane med han. Ja, måtte vi alle nå fram til den himmelske stad!

(Tale, Steinsdalen Bedehus, okt. 2010)