Søk

Dag Rune Lid

Fiskeoppdrettar og lekpreikar

Intervju ved Dag Rune Lid– Gleda fylte heile meg, både i kropp og sjel. Det var som eit useieleg lys! Eg fekk sjå at eg var frelst og fødd på ny! Eg såg at alt som eg mangla, det hadde Kristus gjort! Då sprang eg ut i mørkret og nedover dei store korn- åkrane, og ropa høgt og lova Gud for frelsa full og fri! Det bobla over! No såg eg det som eg før ikkje hadde sett: Eg har evig liv! Eg er frelst! Det er Steinar Kvalvik som seier dette, når han beskriv kva som skjedde då han vart frelst. Han bur på Klinga sør for Namsos saman med kona Margrete og dei fem borna deira. No arbeider …

Fiskeoppdrettar og lekpreikar Les mer »

– Eg tok feil!

Ein person sat vakt ved eit dødsleie. Personen som låg i senga hadde vore ateist, og ville ikkje ha noko med Gud å gjere. No låg han i ein døs og det gjekk mot døden. Plutseleg reiser han seg opp i senga og seier tydeleg: – Eg tok feil! Så seig han tilbake og anda ut. Eg tykte det var tragisk å høyre det fortalt. Men Bibelen talar klart om at det finst ein himmel og eit helvete, sjølv om det er ei sanning som menneske ikkje vil lytte til i dag. Etter kvart som vårt samfunn vert meir og meir avkristna, er det færre og færre som kjem under sann bibelsk forkynning, der sanninga om dei to utgangane på …

– Eg tok feil! Les mer »

Sjølvbedrag

I Bibelen les me om nokre som var med i forsamlinga i byen Sardes. Ein dag får dei brev frå ein eldre forkynnar som hadde ein bodskap frå Herren til dei. Bodskapen var kort, men klar: «Eg veit om gjerningane dine, at du har namn av å leva, men du er død. Vakna opp …» (Op 3:1). Me kan gjerne spørje – korleis hadde du som vedkjenner deg kristen tru reagert om du fekk ein slik bodskap frå han som ser alt, kjenner alt, veit alt? Desse i Sardes levde i sjølvbedrag, og Ordet vart ikkje lenger motteke som i den fyrste tida då dei kom til tru. Dei nytta fortsatt Guds ord i det ytre, men kristendommen hadde gått …

Sjølvbedrag Les mer »

Bøna si kraft og verknad

Eg høyrde nettopp om ei eldre kvinne som hadde treft på ein mann. Kvinna hadde spurd om ho fekk lov å be for han. Det var han positiv til. Ho kunne få lov til det, sa han. Ved eit seinare høve trefte kvinna mannen att, og igjen kom ho til å spørje om ho fekk lov å be for han.–Nei, det får du ikkje lov til, svara han. Sist gong du bad for meg var eg uroleg i eit halvt år etterpå. Trufaste forbedar! Hugs på Bibelens mektige løfte om den veldige verknaden ei rettferdig kvinne eller ein rettferdig mann si bøn har når ein får leggje bønebegjæra fram for allmakta sin Gud i Jesus namn – slik det står …

Bøna si kraft og verknad Les mer »

Gleda i Herren

«Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! Lat spaklyndet dykkar verta kjent for alle menneske. Herren er nær! Gjer dykk inga sut for noko, men lat i alle ting bøneemna dykkar koma fram for Gud i påkalling og bøn med takkseiing. Og Guds fred, som går over alt vit, skal bevara hjarto dykkar og tankane dykkar i Kristus Jesus.» Fil 4:4-7 Det er tydeleg at Paulus her vil leggje sine vener i Filippi dette på hjarta, for han seier – atter, enno ein gong vil han gje dei denne påminning: «Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk!» Frå fengselscellaNår ein tenkjer på den livssituasjonen som Paulus er i når han skriv dette, …

Gleda i Herren Les mer »

Jesu gjenkomst

Media har i den siste tida malt ut for oss det som skjer i Afrika, Midt-Austen, Ukraina osv. Det er som det ingen ende vil ta med oppslag om kriser, krig, rykte om krig, forfølging, forføring, pest, jordskjelv osv. Jesu ord om si atterkome, slik han talar om det i Matteusevangeliet (kap. 24), vert malt ut for våre augo gjennom media i desse dagar. Men også mange truande har vitna om korleis det skal vere, og Bibelen oppmuntrar den truande til å gje akt også på deira vitnemål. Johann Arndt sin draumI boka «Den sanne kristendom» av Johann Arndt (1555-1621), ein av trusfedrane innanfor lutherdommen, fortel han om ein draum han hadde under eit sjukeleie. I den får han innblikk …

Jesu gjenkomst Les mer »

Ingen ting hindrar Herren!

Me lever i ei tid der fråfallet frå Guds ord er større enn nokon gong sidan kristendommen vart innført her i landet for tusen år sidan. Som kristenfolk tapar me slag etter slag i åndskampen, og det ser ut som om djevelen sigrar på alle frontar. I 1. Samuels bok (kap. 13-14) står ei historie som ber med seg mange parallellar til vår tid, og som har gjeve inspirasjon til Guds folk gjennom alle tider. Ein overveldande fiendeDet var veldig åndskamp kring Guds folk, då som no. Fienden som omkransa dei var så mange som sanden ved havsens strand. Folket var så hardt trengde at dei gøymde seg i hòler og hellarar og bergskorter og kjellarar og brunnar. Heile folket …

Ingen ting hindrar Herren! Les mer »

Om saltet misser si kraft

Utdrag frå tale av Dag Rune Lid«Når de kjem for å syna dykk for mitt åsyn, kven har då kravd av dykk at de skal trakka ned føregardane i templet mitt? Kom ikkje fram med fleire gagnlause matoffer! Det er ein motbydeleg røykjelse for meg. Nymåne og sabbat, høgtidssamling – eg toler ikkje høgtid og urett saman. Dykkar nymånedagar og høgtider – sjela mi hatar dei. Dei har vorte ei bør for meg, eg er trøytt av å bera dei. Og når de breier ut hendene, løyner eg augo mine for dykk. Kor mykje de bed, så høyrer eg ikkje. Hendene dykkar er fulle av blod. Reinsa dykk og tvetta dykk! Tak dei vonde gjerningane dykkar bort frå augo mine! …

Om saltet misser si kraft Les mer »

Ta på Guds rustning!

Korleis skal ein kristen forhalda seg mot djevelen og hans falne englar – vondskapens åndehær? Det står mange ting om det i Efesarbrevet 6. Det byrjar i vers 10: «Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft». Korleis? Ved å ta på Guds fulle rustning: sanningsbeltet, rettferda som brynje med fredens evangelium på føtene, med trua sitt skjold, med frelsens hjelm. Guds ord – Andens sverdAlt dette er forsvarsvåpen, og så kjem eit angrepsvåpen og det er Andens sverd, Guds ord. Djevelen og dei vonde englane er redde for Guds ord. Då vert dei avslørte, og då må dei vika. Det var dette ordet Jesus brukte då Satan angreip i ørkenen, det som står omtala i Matteusevangeliet 4. Då …

Ta på Guds rustning! Les mer »

Kva seier Bibelen om englar?

Vårt norske ord «engel» kjem av det greske ordet «angelos» som tyder bodbærar. Det vert i bibelomsetjinga vår nytta for å beskriva dei personlege og overjordiske åndevesen som lever i umiddelbar fellesskap med Gud i himmelen, og som er tenande ånder som lyder røysta frå Herrens munn og som utfører Guds vilje for at menneske skal verta frelste: «…de hans englar, de veldige i makt som set hans ord i verk, i det de lyder røysta frå hans ord!» (Sal 103:20). «Er dei ikkje alle tenande ånder, som vert sende ut i teneste for dei som skal erva frelsa?» (Heb 1:14). Utalige er dei truande som har sett englar – i vanskelege situasjonar – og Bibelen har mange døme som …

Kva seier Bibelen om englar? Les mer »