– Eg tok feil!

Ein person sat vakt ved eit dødsleie. Personen som låg i senga hadde vore ateist, og ville ikkje ha noko med Gud å gjere. No låg han i ein døs og det gjekk mot døden. Plutseleg reiser han seg opp i senga og seier tydeleg: – Eg tok feil! Så seig han tilbake og anda ut.

Eg tykte det var tragisk å høyre det fortalt. Men Bibelen talar klart om at det finst ein himmel og eit helvete, sjølv om det er ei sanning som menneske ikkje vil lytte til i dag.

Etter kvart som vårt samfunn vert meir og meir avkristna, er det færre og færre som kjem under sann bibelsk forkynning, der sanninga om dei to utgangane på livet vert tekne fram. Men vert ikkje menneska omvende, vert helvete ein realitet for dei – det er det fortvilande.

Djevelen er den største omvendingsforkynnaren me har. Han seier: – Klart du må omvende deg! Det er det viktigaste av alt! Men så legg han også alltid noko til: – Ikkje no, men seinare!