Om saltet misser si kraft

Utdrag frå tale av Dag Rune Lid
«Når de kjem for å syna dykk for mitt åsyn, kven har då kravd av dykk at de skal trakka ned føregardane i templet mitt? Kom ikkje fram med fleire gagnlause matoffer! Det er ein motbydeleg røykjelse for meg. Nymåne og sabbat, høgtidssamling – eg toler ikkje høgtid og urett saman. Dykkar nymånedagar og høgtider – sjela mi hatar dei. Dei har vorte ei bør for meg, eg er trøytt av å bera dei. Og når de breier ut hendene, løyner eg augo mine for dykk. Kor mykje de bed, så høyrer eg ikkje. Hendene dykkar er fulle av blod. Reinsa dykk og tvetta dykk! Tak dei vonde gjerningane dykkar bort frå augo mine! Hald opp med å gjera det som vondt er! Lær å gjera det gode, legg vinn på det som rett er! Vis valdsmannen på rett veg! Hjelp den farlause til retten hans, før saka for enkja!»Jes 1:12-17

Den 29. april 1978 skjedde ei ulukke i Rissa kommune i Sør-Trøndelag. Det var ei rystande hending, der 20 hus og gardsbruk vart tekne av eit svært kvikkleireras. Husa segla av garde, og ein person omkom. Totalt 5-6 millionar kubikkmeter kvikkleire raste ut frå eit område på 330 mål og ut i innsjøen Botnen og skapte ei flodbølje på Leira på den andre sida av innsjøen.

Saltinnhaldet borte
Kva var det som skjedde? Kvikkleira gjekk over frå fast til flytande form. Saltet var utvaska. Det såg heilt utruleg ut, kvikkleira fossa forbi som vatn. Det var ikkje noko menneskeleg makt som kunne stanse det. Heile området gjekk i oppløysing.

Dette talte til meg då eg tenkte på desse orda frå profeten Jesaja, for han er innom same temaet – saltmangel i åndeleg tyding av ordet, som også får forferdelege konsekvensar. Då Jesus snakka med sine vener, sa han: «De er saltet på jorda! Men om saltet misser si kraft, kva skal det då saltast med? Det duger ikkje lenger til noko, utan å verta kasta ut og trakka ned av menneska» (Mat 5:13).

Nett slik som saltet har ei bevarande kraft på kvikkleirestrukturen, slik har også saltet i åndeleg tyding ei bevarande kraft på samfunnsstrukturen – på land og folk. Når vår kristne arv vert rydda ut or skule og samfunn, når Guds folk sovnar av, får det katastrofale følgjer. Då går det åndelege saltinnhaldet ned i landet vårt. Samfunnet går i oppløysing og forråtning, akkurat som i leirraset.

Les me lenger framme i det første kapittelet hjå Jesaja, er det tragisk det me får høyre: «Høyr, de himlar, og lyd etter, du jord! For Herren talar: Born har eg ala og fostra, men dei har sett seg opp mot meg. Ein okse kjenner eigaren sin, og eit esel krubba åt herren sin. Men Israel kjenner ingen ting,folket mitt har ikkje skjøna noko. Ve det syndige folket, eit folk tyngt av misgjerning, ættingar av ugjerningsmenn, vanarta born! Dei er gått bort frå Herren, dei har vanvørt Israels Heilage, har vendt seg frå han» (Jes 1:2-4). Sal- tinnhaldet hadde vorte utvaska.

Saltlause kristne
Slik var situasjonen vorten mellom Guds folk. Dei kjende ikkje sin eigen Herre lenger. Herren seier ein okse og eit esel kjenner sine herrar, men ikkje dei. – De går dykkar eigne vegar, og ikkje min veg.

De har vanvørt Israels Heilage, himmelens Gud og hans ord – og bryr dykk ikkje lenger med kva eg seier. Slik tala han til dei, for dei hadde vorte saltlause kristne!

Herren hadde prøvd på alle vis å vekkje dei opp, lokka, kalla, tukta – men dei ville ikkje høyre. Så bryt han ut: «Kvifor vil de ha endå fleire slag? Kvifor vil de auke fråfallet dykkar? Kvart hovud er sjukt, og kvart hjarta er veikt. Frå hovud til hæl finst ingenting heilt. Berre sår er her, flengjer og opne sår. Dei er ikkje klemde ut og ikkje ombundne og ikkje bløytte med olje» (1:5-6).

Det var betennelse, men det var ikkje skore hol, det var ikkje reinsa, og betennelsen fekk spreie seg. Etter kvart førte det til død – åndeleg død for folket. Dei kom bort frå Herren.

Vekkingstider
Les me Det gamle testamente si historie, ser me at det var tider då saltet var kraftfullt. Det var vekking, ljosetsigra over mørket. Slik har det også vore i vårt folk og land, slik Elias Blix så fint formulerer det:

«Vårt heimland i mørker lenge låg,
og vankunna ljoset gøymde.
Men Gud, du i nåde til osssåg,
din kjærleik oss ikkje gløymde.
Du sende ditt ord til Noregs fjell,
og ljos over landet strøymde».

Det var saltfulle tider, vekkingstider, og saltet fekk gjere si gjerning i folk og land. Det reinsa, det smelta, det gav grunnlag for heile vår demokratiske tenking – vår grunnlov, vårt lovverk, innhaldet i skulen osv. I sanning har Norge vore eit rikt velsigna land. Slik hadde det også vore i Israel.

Dei hadde ein gullalder under David og Salomo i Israel – Guds rike gjekk fram. Åndelege sigrar vart vunne. Men no er det gått eit par hundre år fram. Me er komne til midt på 700-talet f.Kr., før dommen ramma Guds folk – Juda, sørriket – og før dei vart førte til Babel. Då stig Jesaja fram med desse orda: Så seier Herren! «Når de kjem for å syna dykk for mitt åsyn, kven har då kravd av dykk at de skal trakka ned føregardane i templet mitt?».

Synda fekk makt
Dei kom til Jerusalem og templet i høgtidene for å syne seg fram for Herrens åsyn, men elles ville dei leve som dei sjølve ville. Men han som såg til hjarto, såg at dei levde i sjølvbedrag. Dei ville leve i synda, dei ville ikkje erkjenne synd som synd. Herren seier: «Eg tåler ikkje høgtid og urett saman».

Himmelen hadde vorte stengd for dei. Herren ville ikkje høyre, han såg det var svik i deira ånd.

«Når de breier ut hendene, løyner eg augo mine for dykk. Kor mykje de bed, så høyrer eg ikkje». Han fortset: «Reinsa dykk og tvetta dykk! Tak deivonde gjerningane dykkar bort frå augo mine! Hald opp med å gjera det som vondt er!» Dei ville ikkje erkjenne synd som synd, men leve i uretten. Hjarta var ikkje rett for Herren, og det vitna deira gjerningar om, sjølv om dei var ivrige i Guds hus.

Som land og folk har me også vore rikt velsigna, og knapt noko land på denne klode har vore velsigna som det norske folk. Me held oss stadig på toppen over dei land på jorda som det er best å bu i. Den som les sin Bibel vil sjå at det er rik velsigning for eit land og eit folk å vandre på Herrens vegar. Kva har skjedd? Det er mange parallellar til det som skjedde i Israel og det som har skjedd her. I høgtidene kan det vere lett å samle folk i kyrkje og bedehus, det kan vere fulle hus.

Kva sa Herren? – Dykkar høgtider, sjela mi hatar dei.

Det er som Hans Adolph Brorson skriv:

«O Jesus, Jesus, kom dog snart
og se din vingårds art!
Av døpte vrimler stad og land,
men hvor er troens brann?
Hva hjelper det vi vet: Du døden for oss led,
når vi ei står mot Satans verk
i troen frisk og sterk?».

Kristendommen vaska bort
Kva var årsaka til at raset kom, både i Rissa og i Israel? Jau, det var saltprosenten som vart for låg. Ordet fekk ikkje lenger rom. Ser me tilbake i historia er det nett det same som har skjedd når store kulturar har gått under. Tenk berre på det veldige Romarriket – det gjekk til grunne på akkurat same vis. Til slutt tok homofilien over og detvar siste stadium før den endelege dom over Roma.

Mange kulturar har gått under på grunn av Guds vreide og dom, når synda fekk makt i folket og kristendommen vart vaska ut or skule og samfunn. Då Guds folk, som skulle vere salt, var saltlaust, kom raset.

Då vert det som det står i Romarbrevet: «Guds vreide vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urettferd hjå menneske som held sanninga nede i urettferd. (…) Difor gav Gud dei over til skammelege lyster: Kvinnene deira bytte det naturlege samlivet med eit som er mot naturen. Like eins gjekk og mennene bort frå den naturlege omgangen med kvinna, og brann av trå etter kvarandre. Menn dreiv skammeleg utukt med menn, og dei fekk på sin eigen kropp den straffa dei fortente for villfaringa si. Og då dei såleis ikkje brydde seg om å eige Gud i kunnskap, gav Gud dei over til eit duglaust sinn, så dei gjer slikt som ikkje sømer seg» (Rom 1:18-28).

Det som skjer når Herrens vreide rammar, er eigentleg at Gud trekkjer si vernande hand attende. Blix seier seinare i same salme:

«Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss, Gud, så me kan bu
i heimen med fred og hyggja!»

Eg tenkte på det i sommar, då me opplevde dette forferdelege på Utøya. Korleis kan det skje? Då kom det for meg: Vil Gud ikkje verja bygd og by, kan PST (Politiets sikkerhetstjeneste. Red. anm.) oss ikkje tryggja. Men i sommar tenkte eg også på at like mange som vart drepne på Utøya, vert drepne kvar arbeidsdag på våre sjukehus. Også det er ei forferdeleg ugjerning som ropar til himmelen omdom over vårt folk og land.

Bot og bøn
Vender me ikkje om – og sannar våre synder – kjem dommen til å ramme oss som det skjedde med Israel i fordoms tid, for Gud let seg ikkje spotte. Det vert ein dom som ikkje minst rammar heile vår vestlege kultur. Me ser også kva som skjer i økonomien både i Europa og USA no, eg er redd det er leirraset som er på gang – leira er gått over frå fast til flytande form, og det er umogleg å stoppe for menneske. Saltet, den sanne kristendom, er på veg til å vaskast ut. Eg er redd det er Herrens dom over nasjonane som har byrja, og som skal gå som fødselsveer i denne siste tid før Jesus kjem i sky og skal henta si brud.

Derfor lyder ordet til oss, og vårt norske folk, i denne skjebnetid, slik det står i Galatarbrevet (6:7):

«Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta! Det eit menneske sår, det skal han òg hausta».

La oss ikkje gløyme det. Han er fortsatt den som kan skape lys i mørke – uansett kor mørkt det er. Bibelen har mange døme på det, og måtte det også få drive oss til bot og bøn for folk og land. Kanskje Herren enno ein gong kunne sende samvitsvekking.

Steinsdalen Bedehus, 16.10.2011.