Alt bortkasta om sjela tar skade!
Alt bortkasta om sjela tar skade!Dag Rune Lid i samtale med forkynnar Olav Fossdal «– Kva gagnar det eit menneske om han vinn heile verda, men tar skade på si sjel? Då er livet bortkasta, utan mål og meining!» – Dette bibelske spørsmålet har i grunnen kvilt over livet mitt heilt frå dei fyrste barneåra, seier Olav Fossdal frå Andebu i Vestfold. Han er fødd og oppvaksen på Fossdal i Gyland i Vest-Agder, men flytte seinare til Vestfold der han no bur som pensjonist saman med kona Bodil. Kriser og vitnetrong– Som barn hugsar eg enno kor urettferdig eg opplevde dette med korleis Jesus blei fornedra, og eg kan vel seie at eg aldri bevisst har vore borte frå Herren. …