Vårliv over øygardane
Vårliv over øygardane (Vi bringer her eit utdrag frå boka «Nybrottsmann ved værhard kyst», utgjeven på Antikkforlaget i 1989) Den vekkingsbylgja som rulla over landet i tre fire år frå 1931 fekk Nordmøre og sin lut av. Den kom som svar på bønene til alle dei truande som tok vare på Guds ord og Dei heilages samfunn. Det var ute i øygarden der storhavet rullar. Ein høyrde «sus av regn» som profeten på Karmel etter den store siger over Baalsprofetane. Han venta vekking over Israel, men vekkinga kom ikkje – trass i Guds store verk. Det var spaning i lufta. Ein kjende åndsmaktene kor dei tørna saman til strid. Men stormen – åtaket på Guds verk i folket var ennå …