Åndelege brytningar
Det finst eigentleg berre to slags menneske på jorda: frelste og ufrelste. Desse kan igjen delast i tre kategoriar: frelste, ufrelste og religiøse. Farisearane på Jesu tid er eit eksempel på denne tre-delinga. Ingen var så sikre som dei at dei hadde det rett i sitt gudsforhold, men dei høyrde saman med dei ufrelste. Desse to slags bekjennande kristne er meisterleg skildra i boka, «Våre lamper slokner», av J. F. Løvgren, som har vore attgjeven her i bladet. Av Skrifta ser vi at Jesus prøvde å koma dei til hjelp som vart kalla «tollmenn og syndarar», men òg dei religiøse. Når vi les om dette i Bibelen, ser vi at Jesus fekk koma mange av dei førstnemnde til hjelp og …