Kven klagar, fordømer og skil?
Kven vil klage Guds utvalde? Kven er den som fordømer? Kven vil skilje oss frå Kristi kjærleik? Desse tre spørsmåla mot slutten av kapittel 8 i Romarbrevet er på eit vis ei oppsummering av bodskapen som Paulus har formidla utover heilt frå Rom 3:21. Kven vil klage?Både lova og djevelen klagar den truande. Når Guds lov anklagar, er det med på å drive den truande til Kristus. Der har han erfart at i Guds ords lys verkar Jesu blods reinsande kraft, og at det frir han frå lova sine anklager. Kvifor dømer Herren? «Når vi vert dømde, er det Herren som refsar oss, så vi ikkje skal verte fordømde saman med verda» (1Kor 11:32). Denne domen er til berging for …