Kven klagar, fordømer og skil?

Kven vil klage Guds utvalde? Kven er den som fordømer? Kven vil skilje oss frå Kristi kjærleik? Desse tre spørsmåla mot slutten av kapittel 8 i Romarbrevet er på eit vis ei oppsummering av bodskapen som Paulus har formidla utover heilt frå Rom 3:21.

Kven vil klage?
Både lova og djevelen klagar den truande. Når Guds lov anklagar, er det med på å drive den truande til Kristus. Der har han erfart at i Guds ords lys verkar Jesu blods reinsande kraft, og at det frir han frå lova sine anklager.

Kvifor dømer Herren? «Når vi vert dømde, er det Herren som refsar oss, så vi ikkje skal verte fordømde saman med verda» (1Kor 11:32). Denne domen er til berging for meg, så sant den driv meg til Kristus.

Djevelen derimot klagar Guds utvalde heile tida for fall, nederlag, svikt, forsømingar – ja, at ein i det heile kan kalle seg ein kristen. Ein må gje djevelen rett i hans klager.

Men når Paulus skal svare på spørsmålet: «Kven vil klage Guds utvalde?», svarar han ikkje på kven som klagar. Han svarar derimot på det motsette – kven som rettferdiggjer, og svarar: «Gud er den som rettferdiggjer».

Det er ikkje kven som klagar, eller kva tilstand den truande er i som vert sett i fokus, men korleis Gud handlar. Det er Herren som rettferdiggjer, og når han gjer det, då er det ingen anklage eller anklagar som kan døme den truande.

Kven fordømer?
Det andre spørsmålet lyder: «Kven er den som fordømer?» Som kristen møter eg fordøminga frå andre menneske. Eg kan kjenne på fordøminga frå mitt eige samvit. Djevelen fordømer meg heile tida osv.

Romarbrevet 8 vert innleia med dette veldige: «Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus». Tenk det! Tru det! Sjølv om djevelen, verda og mitt eige kjøt rasar, og fordømingane haglar, finst det inga fordøming i Kristus! Kvifor? Når eg er i Kristus Jesus må alt som møter meg først møta Kristus – også fordøminga.

Dei truande skal få kvile i at «om hjarta vårt fordømer oss, så er Gud større enn hjarta vårt og kjenner alle ting» (1Joh 3:20).

Kven vil skilje?
Det er mange ting som prøver å skilje den truande frå Kristus i denne verda. Det kan vere trengsle, angst, sjukdom, svolt, fare osv. Den truande må også rekne med å gå gjennom mykje fordi han er ein kristen.

Paulus hadde opplevd både å verte steina, hudfletta gong etter gong, fleire forlis på havet osv. (2Kor 11:25). Han hadde også ein «torn» i kjøtet som han aldri vart kvitt. Likevel kunne ikkje noko av dette skilje han frå Kristi kjærleik.

Han vitna derimot at gjennom alt dette «vinn me meir enn siger ved han som elska oss». Tenk, meir enn siger!

Korleis kunne han seie noko slikt? Jau, han hadde erfart at Herren stod ved sine løfter til minste detalj! Difor kunne han også konkludere så forunderleg: «For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som kome skal, eller noka makt, korkje høgd eller djupn eller nokon annan skapning, skal kunna skilje oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre» (Rom 8:38-39).