Synd og nåde

«Du har berre trøytta meg med syndene dine, og gjeve meg møde med misgjerningane dine. Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug.» Jes.43:24-25

«Du visste alt om meg før du meg kalla …»
«I opphavet skapte Gud himmelen og jorda» (1Mos 1:1). Når det gjaldt mennesket, sa Gud:
«Lat oss gjera menneske i vårt bilete, i likning med oss» (1Mos 1:26).

Det var ei rådslaging i himmelen mellom Gud Fader, Sonen og Den Heilage Ande før mennesket vart skapt, kor Sonen sa seg villig til å koma ned til jord som den andre Adam og oppretta syndefallet, som den allvitande Gud kjende til før det hende (Ef. 1:4).

Det som Jesus har gjort, gjeld alle. Og gjeld det alle, så gjeld det òg meg. Men skulle det vera til gagn for meg, så måtte det vera ei frelse som tek seg av meg i den tilstand eg er komen i etter syndefallet. Skulle eg tilkjempa meg ein viss kvalitet som skulle gjera meg skikka til Guds nåde, så ville vegen vera stengd.

Alt frå eg var eit foster, kjende Herren meg (Salme 139:16). Ja, han kjende meg endå tidlegare; frå før eg vart forma i mors liv (Jer 1:5). Dessutan kjende han til heile livet mitt fram til min siste dag her på jord. Ingen ting i mitt liv kjem uventa på Herren.

På Golgata la Jesus siste hand på ei skreddarsydd rettferdsdrakt. Ho dekka ikkje berre arven frå Adam, men også alle mine synder som er gjort av meg og som skal koma til å bli gjort.

Dette gjeld alle synder for alle menneske – til alle tider.

Denne drakta er slik at ho passar for kvar og ein som tek si tilflukt til Jesus.

Våre motstandarar
Djevelen, verda og vårt eige kjøt gjer det dei kan for at vi ikkje skal nå vårt himmelske mål. Kjøtet vårt elskar det som Gud hatar – og hatar det som Gud elskar.

Verda freistar med dei nærverande ting, slik at vi kan tapa målet av sikte. Så står vi i fare for at evangeliet berre blir teori utan liv.

Djevelen kjem som ei brølande løve – eller som ein ljosengel: Det er ikkje farleg med litt synd; det er jo nåde å få for alle som bekjenner si synd! Dessutan får du større syndenød og større behov for Guds nåde. Han seier ingen ting om at han med denne tale vil fanga deg i sitt garn, slik at du til slutt er heilt i hans makt. Kva hjelper det då om teorien er i orden og ein kan avleggja eit evangelisk vitnesbyrd?

Synda er farleg
Høyr kva Guds ord seier om synd og freisting: «Om handa di freistar deg, så hogg henne av! Det er betre for deg at du går vanfør inn til livet, enn at du har dei to hendene dine og går bort til helvete, til elden som ikkje kan sløkkjast, der ormen deira aldri døyr, og elden aldri sloknar. Og om foten din freistar deg til fall, så hogg han av! Det er betre for deg at du går halt inn til livet enn at du har dei to føtene dine og vert kasta i helvete, der ormen deira aldri døyr, og elden aldri sloknar. Og om auga ditt freistar deg, så riv det ut! Det er betre for deg at du går einøygd inn i Guds rike enn at du har to augo og vert kasta i helvete, der ormen deira aldri døyr, og elden aldri sloknar» (Mar 9:43-47).

Vi skal merka oss at dette, sa Jesus til læresveinane sine! Dette høyrde også Judas! Er det her du er – så er du i livsfare, ja, meir enn det. Du vil enda på same staden som Judas.

Synda kan få slik makt «at vi begår den hver gang det kommer en fristende anledning. Det er også en side ved syndens mørke makt at for hver gang den utføres, legger den vår vilje i lenker, fastere og fastere» (Ole Hallesby).

Når synda har stor makt i livet ditt, har det å gjera med ditt forhold til evangeliet – at det sit meir i hovudet enn i hjarta – eller at du forsømer kjelda med det levande vatnet. Sigeren over synda i ditt liv har med kjennskapen til Jesus å gjera. Dess meir evangeliet får innta ditt hjarta, dess meir mister synda si makt over deg, og du får trong til å leva rett og godt til hans ære. Du kan nok framleis koma til å falla i synd, men du har likevel fått fast grunn å stå på. Du treng ikkje bli liggjande i fallet, men får reisa deg att, for Guds nåde mot deg er den same.

Guds nåde fører til fridom
Er det slik at du vil bli fri – utan at du maktar å gjera deg fri, så må du ropa til Herren og setja namn på synda. Han gjer deg fri. Det gjer han ved å overtyda deg om at den synd som anklagar deg, er gjort opp – på Golgata. Når den sanninga blir tatt imot, er du berga. Trur du det ikkje, så gjer du Gud til ein lygnar, og det blir ei større synd enn alle dei andre syndene dine; for ved ei slik synd stengjer du deg sjølv ute frå Guds nåde og foraktar det som Jesus har gjort for deg. Les gjerne omatt ordet under overskrifta av stykket frå Jes 43:24-25 og ta det til deg. Det er talt til kvar og ein som har bruk for det.

Guds nåde har også den verknaden at «han oppsedar oss til å fornekte gudløyse og verdslege lyster, til å leva sedeleg og rettferdig og gudfryktig i den verda som no er (…)» (Tit 2:12).

Vi ser i Guds ord at det var stor skilnad mellom Abraham og Lot – og mellom Josef og Samson. Det hadde med deira forhold til Guds ord å gjera. «Korleis skulle eg då gjera så stor ein vondskap og synda mot Gud?», sa Josef. Å leva nær Gud i Ordet – gjer at det blir vanskelegare for oss å synda.

I 1Pet 4:1 seier Peter at det er gjeve oss eit våpen i striden: «Sidan no altså Kristus har lide i kjøtet, så må de og væpna dykk med den tanken, at den som har lide i kjøtet, er ferdig med synda». Vidare seier Peter i kap. 5:9: «Stå han imot, faste i trua».

I Rom 6:11 vitnar Paulus det same: «Såleis skal de òg rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus».

Dette er å døyda gjerningane åt lekamen ved Anden (Rom. 8:13). Når eg mang ein gong står anklaga i samvitet, skal eg i same stund få tenkja og vita at eg har fått ei frelse som er tilpassa og gjeld den situasjonen eg står i eller har kome opp i. Det er stor nåde frå Herren.