Arv og testamente
Frelsa kan liknast med ein arv, testamentert til alle menneske. Arven må difor kunngjerast for alle, for vi er alle syndarar; slik at einkvar kan få ta han i eige. Adam var slekta sin representant. Han vart prøvd i forhold til det å ikkje eta av frukta på eit bestemt tre. Med hjelp frå Eva, fall han – og dermed heile menneskeslekta med han. Det er ein arv som vi alle har fått gjennom natur-overføring, gjennom vår fødsel. For ca. 2000 år sidan vart Jesus født inn i vår slekt. Han blir gjerne kalla den andre Adam. Han skulle prøvast gjennom å leva eit liv utan synd, oppfylla alle Guds bod og sigra der den første Adam fall – og …