Himmelen er opna!
Himmelen er opna! Av Dag Rune Lid «Brør, i Jesu blod har vi altså frimod til å gå inn i heilagdomen. Til den har han vigsla ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det er hans kjøt.» Heb 10:19-20 Hebrearbrevet 10 gjev oss ein omtale av ofra i den gamle pakt der blodet frå offerdyra var det sentrale. Ofringa i den gamle pakt måtte stadig gjerast om att, men det som skjedde på langfredag var noko heilt anna, seier Skrifta. Fullkome offer Ved den 6. timen vart det mørkt over heile landet. Mørke varte til den 9. timen, det vil seie mellom kl. 12-15. Då ropte Jesus ut: «Min Gud, min Gud kvifor har du forlate meg?» (Mar …