Vår frelsedag
Gjennom omvending og tru på Jesus blir eit menneske frelst. Når det gjeld omvendinga, kan ein seia at det er to hovedgrupper: Dei som vert omvende – og dei som omvender seg. «Vend du meg om, så vert eg omvend!» (Jer 31:18). «Frels meg, så vert eg frelst!» (Jer 17:14). Dei sistnemnde begynner å leva som kristne og har si trøyst i omvendinga og sitt meir eller mindre vellukka kristenliv, samtidig som dei trur på Jesus – at han tilgjev dei når det mislukkast i kristenlivet. Desse byggjer halvt på Jesus, halvt på seg. Det er ei blandingstru som ikkje frelser nokon. Enten må det vera av nåde – og berre nåde, eller så må det vera av gjerningar – […]