Synd og nåde
«Du har berre trøytta meg med syndene dine, og gjeve meg møde med misgjerningane dine. Eg, ja eg er den som slettar ut misgjerningane dine for mi skuld, og syndene dine kjem eg ikkje i hug.» Jes.43:24-25 «Du visste alt om meg før du meg kalla …»«I opphavet skapte Gud himmelen og jorda» (1Mos 1:1). Når det gjaldt mennesket, sa Gud:«Lat oss gjera menneske i vårt bilete, i likning med oss» (1Mos 1:26). Det var ei rådslaging i himmelen mellom Gud Fader, Sonen og Den Heilage Ande før mennesket vart skapt, kor Sonen sa seg villig til å koma ned til jord som den andre Adam og oppretta syndefallet, som den allvitande Gud kjende til før det hende (Ef. 1:4). …