Uthaldande i bøn
Uthaldande i bøn Av Dag Rune Lid Dei femten gongene det i evangelia står om den bedande Jesus, er det ved viktige hendingar. Då tok Jesus ekstra tid til bøn. Til dømes då han vart døypt i Jordan, ved utveljinga av disiplane og ved kampen hans i Getsemane. Då disiplane såg korleis Jesus bad, seier dei til Jesus: Lær oss å be! Då er det Jesus lærer dei «Fader Vår» – denne mektige bøna som gjev oss himmelen så nær. Aldri pensjonist Bibelen vitnar om mange personar som ber. Eg tykkjer det er så fint å lese om Anna Fanuelsdotter. Ho miste mannen etter sju år og hadde grunn til å fortvile, men kva gjorde ho? Ho bøygde seg for …