Janette til minne

Janette til minne

Av Ragnar Opstad

Den næraste familie, ein del vener og enkelte andre fekk dette minneskrivet den gongen det vart nedteikna i 1981.

Når vi no har teke det fram på nytt, er det fordi vi tykkjer Janette etterlet seg eit fint vitnesbyrd om sin frelsar. Kanskje det kunne vera ei påminning og til ettertanke for borna og dei unge som veks opp i dag, ja også for oss eldre?

«Ikkje ein spurv…»

Sundag 14. september 1980 måtte vi fortelja Janette at ho neste dag skulle på sjukehuset. Ho var då åtte år gammal, og hadde alt lenge periodevis klaga over magesmerter. Det vart gråt då ho høyrde det, og mor og far sitt hjarta var med i den gråten.

Alt same dagen ho kom til sjukehuset fekk vi veta at ho måtte vidare til Rikshospitalet neste dag.

Vi hadde lenge frykta at det var noko alvorleg, og hadde gjeve henne over til Herren – med bøn om at viljen hans måtte skje, anten han såg det best å henta henne heim til seg eller han ville ho skulle leva.

På Rikshospitalet tok dei mange prøver. Ho hadde ein barnehovud-stor svulst med spreiing, og det var kreft.

Ein dag før ho skulle opererast, var vi ute på ein liten spasertur. Eg hadde nett sett ho ned etter å ha bore henne på akslene – og gjekk litt framføre henne. Så høyrer eg bak meg: «Far, kom og sjå»! Ho hadde stoppa opp og såg ned på ein kyrkjegard like ved. «Slik ein gravstein skal eg ha, den med engel, bare med mindre engel»!

Då operasjonen var over, fortalde legen at dei ingen ting kunne gjera. Det vart berre teke ein prøve av svulsten, så hadde dei sydd att. Han sa og noko meir før vi skildest: «Står det ikkje skrive noko om spurvane…»?

Ja, tenk det står i Bibelen at ikkje ein spurv fell til jorda utan at Gud vil det! Endå hovudhåra våre er talde, så Herren følgjer nøye med oss. Likevel, då vi kom for oss sjølv, kjende vi at dette var tyngre enn vi kunne bera. Men vi fekk kjenna at det var nokre, ja mange, som var med og bar gjennom sine bøner.

Alt same kvelden fekk Janette cellegift. Etter ei veke fekk ho ein ny dose. Så fekk ho koma heim. Det var då gått tre veker frå ho vart innlagt, og ho visste kva sjukdom ho hadde.

Ny von

20. oktober reiste Janette og mor inn til ny kontroll. Ein kveld ringde

Janette heim og fortalde i stor gleda at dei ikkje fann «klumpen» igjen!

Det viste seg verkeleg å vera tilfelle. Ein kunne ikkje lenger med dei finaste apparata finna noko som helst til sjukdomen! Vi skjøna at legane undrast, og gledde seg i lag med oss. Dei som i denne tida hadde bede Herren gripa inn, hadde fått svar på bøna si.

Seinare hadde legane fleire gonger mistanke om at dei hadde funne sjukdomen att, men det synte seg kvar gong ikkje å vera tilfelle. Likevel førde det oss inn i spaning og uvissa mang ein gong.

Med erfaringa ein sit inne med når det gjeld denne sjukdomen, fann legane å ville halda fram med medisinane. Vi godtok dette, i vissa om at Herren også kunne bruka legane til å fremja sin gode vilje og veg med oss.

Ved bruk av cellegift vert ein meir mottakeleg for andre sjukdomar. Janette gjekk då heller ikkje fri, og vart såpass mykje plaga at vi heile tida bar på spørsmålet: «Herre, kva er dine tankar og di meining med dette»? Ja, ho spurde også sjølv: «Kvifor skal eg ha det så vondt»? Då måtte eg svara: «Herren har nok eitkvart godt i vente til deg». Og tanken kom – og forma seg til ord: «Det er visst betre du tek Janette til deg».

Likevel må vi seia at ho for det meste var god. Ho gjekk på skulen – og tok att det ho hadde vorte liggjande etter i dei viktigaste faga.

Julafta kom. Jenta var i storform. Vi hadde det så gildt saman.

Ein dag vi hadde vitjing av morfar, kom han til å fortelja om ein mann som var blitt mest hundre år. «Så gammal blir nok ikkje eg,» sa Janette, «eg blir kanskje ikkje ni eingong»!

At ho skulle koma til å få rett, trudde vi ikkje då.

Så seint som 6. januar 1981 gjekk ho fem kilometer på ski!

Vona brest

13. januar reiste vi til Rikshospitalet for kontroll og samtale om vidare behandling. Heller ikkje no fann dei noko til sjukdomen.

Neste ettermiddag fekk ho medisinane. Om lag eit par timar etterpå vart ho sjuk, med over 40 i feber.

Det synte seg då at ho hadde fått vannkoppane. Saman med cellegift er det livstruande. Og ved ei alvorleg misforståing fekk ho ikkje motgift mot vannkoppane, som ho skulle hatt før ho fekk medisinane. For ikkje å smitta dei andre pasientane (og for å sleppa å bli isolert, kanskje på eit anna sjukehus) fekk vi den sjuke jenta i kleda og kom oss så vidt med siste flyet heim den dagen.

Etter nokre dagar heime, reiste vi 19. januar til sjukehuset i Stavanger, då ho ikkje klarte å drikka lenger. På desse få dagane gjekk ho ned om lag fem kilo i vekt.

«Som et barn med hellig mot»

Då eg dagen etter vitja henne på sjukehuset, kjende eg ho ikkje att! Sjukdomen hadde gjeve henne eit nytt andlet.

Det kunne mest sjå ut som Herren hadde gløymt ho. Det var kanskje difor det brast ut av meg i inderleg medkjensle: «Jesus har ikkje gløymt deg, Janette»! Seinare bad ho om ein spegel. Ho såg – lenge – utan å seia eit ord. Eg tenkte at ho gjerne måtte kjenna seg forleten av Herren, og eg frykta at ho kunne verta både motlaus og bitter. Difor kom spørsmålet: «Trur du Jesus kan vera glad i deg»? Då nikka ho til svar (det var vondt for henne å snakka, så ho sa minst mogleg).

Ein annan gong kom eg til å seia: «Far er Janette sin beste venn». Då rista ho på hovudet. «Kva? Er det mor då»? Då ho atter rista på hovudet, måtte eg spørja: «Er det Jesus då»? Som svar kom eit nikk.

Vi tykte mest at songen «I en sal på hospitalet», som Janette ville ha oppskriven og med seg på denne siste sjukehusturen, vart hennar eigen song. I eit av versa står det:

Alles hjerter vant den lille,

som hun lå der mild og god.

Bar sin smerte uten klage

som et barn med hellig mot.

Ein gong slapp det ut av henne: «Vi reiser heim, mor»!

Snart skulle det verta heimreis, slik det står vidare i songen:

I sin grav nu trygt hun hviler,

under sneens kolde skrud.

Endt var hennes lange venten.

Hun fikk komme hjem til Gud.

Siste striden

Kvelden før ho døydde hadde eg tenkt å reisa tidleg heim, men så tok ho brått til å bli så kortpusta. Siste striden var begynt. Vi skifta om å vaka over henne. Ein gong utpå natta vart eg så trøytt. Då kom det frå Janette, som merka det: «Bare gå og legg deg, far»!

Samstundes med at ho klaga over at ho var varm, vart ho gradvis kaldare i føtene og armane. Ho var svært trøytt og la seg på magen framover i senga, med hovudet der føtene skulle vera.

Brått seier ho: «Be, far»!

Eg hugsar ikkje så vel kva eg bad om, men eg sa til Herren at han anten måtte gjera Janette frisk, eller koma snart og henta henne heim til seg.

Etterpå gav ho meg ein klem eg alltid vil minnast. Ho klemde kraftig til, og eg kjende gjennom armane hennar den kjærleik og takk ho omslutta meg med. Det var som ho sa: «Takk, far, takk for alt – og mest av alt takk for at du fortalde meg om Jesus».

Vi såg at ho sjølv folda hendene og utan ord tala med sin himmelske far.

Då vi noko seinare hadde legen inne, tala vi nokså fritt ut om stoda. Med det same han hadde gått, seier Janette: «Kva var det de snakka om»? Eg fortalde henne då at ho kanskje kom til å reisa frå oss, og eg måtte spørja: «Har du lyst til å reisa til Jesus i himmelen»? Då ho no atter svara med eit nikk, trur eg verkeleg det var slik. Herren hadde løyst alle jordiske band.

Plutseleg seier ho: «Ring»! Vi skjøna ikkje kvifor, men fann det likevel best å tilkalla ei sjukesyster. Så seier ho: «Hald meg på magen»! Ho var svært varm. Så kom nokre kraftige trekningar – med etterføljgande stilla.

Janette hadde fullført løpet og nådd målet.

Det var tidleg på morgonen 23. januar 1981.

Den morgonen var det tungt å koma heim til dei tre andre jentene våre.

Den himmelske vona

Eg kom til å gå bort til bokhylla, kor eg tok fram «Fødselsdagboka», og slo opp på denne dagen. Der stod dette skrive:

«…til en uforgjengelig og usmittet og uvisnelig arv – som er gjemt i himlene for dere» (1Pet 1:4).

Då eg vakna neste morgon, fekk eg midt i sorga gleda meg over dette: Tenk, Janette berga for all æva! Kan det tenkjast noko større? Takk, Jesus, takk!

No er det far som skriv dette, men mor, som følgde Janette heile tida, var utan tvil den som bar den tyngste børa og som var aller best å ha for veslejenta. Storesystrene var og sjølvsagt til god hjelp og avlasting.

Åndelege prøvingar på himmelvegen

Janette var i si ferd som barn flest, men høyrde Jesus til og gjekk på hans veg. På sjukehuset gjorde det henne vondt når ho kom i lag med andre born som snakka stygt. Ho fekk prøva noko av det som står skrive om Lot: «…for den rettferdige som budde mellom dei, leid dag for dag pine i si rettferdige sjel ved dei lovlause gjerningane han såg og høyrde» (2Pet 2:8).

Ein gong eg hadde lese noko for henne, sa ho: «Eg vil aldri gå bort frå Jesus»!

Ho lika godt når vi las for henne. «Da lille Lena Luther døde» vart ho ikkje trøytt av å høyra om.

Ein annan gong sa ho: «Tenk om eg ikkje kjem til himmelen»! Då måtte eg på ny vitna om kva Jesus hadde gjort til hennar frelse. Eg sa også litt om kva ho hadde fått gjennom dåpen, at der hadde heile frelseverket blitt ført inn i hennar himmelske bankbok. Difor trong ho ikkje frykta, når ho sette si lit til Jesus.

Vi som fekk følgja med i alle detaljar i utviklinga med sjukdomen, hadde ei kjensle av at fleire uheldige forhold førde til denne siste sjukdomen som enda med døden. Det var verkeleg mykje uskjønleg i samband med dette. Likevel står det skrive slik i Bibelen:

«Dine augo såg meg då eg berre var eit foster. I di bok vart dei skrivne opp, alle dei dagane som vart fastsette då ikkje ein av dei var komen» (Sal 139:16).

Eit lite vitne for Herren

Janette etterlet seg og eit fint, lite skriftleg vitnesbyrd. På eit kort ho fekk på sundagsskulen, med bilete av Josef og Maria med Jesusbarnet imellom seg, har ho skrive:

«Frelse for deg og meg».

Eg trur ho såg det same på kortet som gamle Simeon såg då han heldt Jesusbarnet i armane sine:

«Herre, no kan du la tenaren din fara herifrå i fred, etter ditt ord, for augo mine har sett di frelse» (Luk 2:29-30).

Lenge før Janette vart sjuk, ein gong ho fylgde mor si til mormor si grav, sa ho: «Du må stella fint med grava mi, mor»!

Ho sa og at ho på gravsteinen sin ville ha engel eller due.

På Janette si grav står i dag ei due. På steinen står skrive: «Herren er min hyrde».

Det er teke frå Salme 23, salmen mor hennar fekk då ho skulle bera henne fram til dette livet. Denne salmen vart det tala over i gravferda, og same salmen bad og ein ven oss helsa Janette med då han høyrde ho var sjuk. Han visste ikkje då at den gode hyrdingen alt hadde teke henne heim til seg. Då var ho, slik det står skrive:

«Borte frå lekamen og heime hjå Herren» (1Kor 5:8b).

Når vi no, etter nærare 29 år, delar dette med fleire, er det vår von at det kunne lyfta augo våre mot den evige sæla som ventar den som høyrer Herren til, og samstundes vera eit kall til den som er på veg mot evig fortaping.

«Søk Herren medan han er å finna, kalla på han den stund han er nær» (Jes 55:6) – før døden og dommen kjem. «I dag om du høyrer hans røyst, så forherd ikkje hjarta ditt» (Heb 3:7-8).