Velkommen til våre nye websider. Her finnes informasjon om vår virksomhet, i tillegg til mange oppbyggelige artikler og opptak.

Artikkel register

Søk

Lov og Evangelium - Tidligere Artikler

Vil vi ha vekkjing?

I Guds lys
Om vi vil ha vekkjing? Eit merkeleg spørsmål, kanskje. Det er vel ikkje mange kristne forsamlingar eller enkeltkristne som ikkje ber om at Herren må senda vekkjing. Då tenkjer vi gjerne at dette er noko som gjeld dei ufrelste. Det er det, men vekkjing er noko meir, noko som grip inn i ditt og mitt liv. Sann vekkjing er å koma inn i Guds lys med sitt liv.

 

Då profeten Daniel kom inn i dette lyset, bad han mellom anna slik: «Vi har synda og bore oss ille åt, vore gudlause og trassige. Vi har vike av frå boda dine og lovene dine» (Dan 9:5).

 

Så kan vi overføra det til oss:
«Vi har synda…». «Vi», det er først og fremst meg og deg som høyrer Herren til. Det er alle oss som ber kristennamnet. Dersom dette skulle vera sant om oss, bør ikkje vekkjinga byrja med meg og deg då? Eller står det betre til med oss enn med Daniel? Det skulle vel ikkje vera noko i mitt eller ditt liv vi må omvenda oss frå? Eitt eller anna som Den Heilage Ande peikar på? Tida vår, kven styrer den? Kva ser vi, kva les vi? Kva tankar hyser du i ditt hjarta? Har du tenkt deg til himmelen, er det ikkje nok at du ser di synd; du må også venda deg frå ho (Ord 28:13).

 

Gjestingstid
Vekkjing er ei spesiell nåde- og gjestingstid frå Herren, til ransaking, oppvekkjing, frelse og fornying. Då kjem spørsmålet til oss som til Adam og Eva: «Kvar er du?» «Kva har du gjort?»

 

Då Kong Josia fekk høyra opplese Lovboka (dei fem Mosebøkene), reiv han sund kleda sine. Han let seg døma av Guds ord og kom inn i vekkjing. Kvifor har Guds ord så lite av same verknaden i dag? Kan det vera at vi helst berre vil høyra evangeliet, medan vi fort fer forbi det som er gjeve oss til formaning, tukt og sjølvransaking.

 

Vekkjinga i Efesus
I boka «Gullkristne», skriv Andreas Fibiger:
«I Efesus ble vekkelsen kjent og merket først og fremst innenfor Guds barns egen krets. Slik vil det alltid være, for ‘dommen skal begynne med Guds hus’ (1Pet 4:17). Den beste gradmåler for styrken av en vekkelse er å lodde dens makt blant de hellige. Jo dypere den går, desto videre ut vil den nå, og desto større er også garantien for at den vil holde. Det viste seg også her i Efesus, ‘mange av dem som var kommet til troen, kom og bekjente og fortalte om sine gjerninger’».

 

Som Fibiger framstiller det her, forstår eg det slik at desse som kom og bekjente, var frå før bekjennande kristne, som no på nytt – eller for første gong kom inn i Guds lys med sitt liv. Ein kan godt ha blitt ein bekjennande kristen utan å ha kome inn i Guds lys med sitt liv. Eller ein kan ha kome inn i Guds lys – utan enno å ha kome igjennom til liv i Gud.

 

Vekkjing i Jakobs hus
Det vart også vekkjing i patriarken Jakobs hus. Då måtte dei fram med alle dei framande gudane «som dei hadde hjå seg og ringane dei hadde i øyro, og Jakob grov dei ned…». Dette førde til at «ei redsle frå Gud kom over byane rundt omkring…». Når Guds folk kjem i vekkjing, fell det frykt over dei ufrelste. (Det står meir utførleg om dette i 1Mos 35 – med delvis bakgrunn frå kap. 34.)

 

Finst det avgudar hjå oss?
I Kol 3:5 les vi: «Så lat då dei jordiske lemene dykkar døy: Hor, ureinskap, syndig lidenskap, vond lyst og vinnesjuke, som er avgudsdyrking». Lat oss sjå på det siste: «vinnesjuke», avguden «mammon» og pengane «våre». Vi er berre forvaltarar av det Herren har gjeve oss! Ja, vi gjev fast til misjonen, nokre meir, andre mindre. Men kva med det vi har att? Gjer vi som vi vil med det? Korleis forvaltar vi det som er oss betrudd? Skal vi våga å be: «Herre løys meg frå pengane ‘mine’». Då anar vi kanskje kor kjær avguden mammon er for oss. Ja, vi ser det nok når det vert påpeika, men vil vi gjera noko med det? Vi skal ikkje berre høyra, men også gjera!

 

Det er blitt sagt at dei som har mest, gjev minst. Om så er tilfelle, kva kan årsaka vera? Det kan truleg vera godt å ha noko å falla tilbake på i nedgangstider! Det kjennest tryggare å ha avguden mammon i ryggen, enn Gud! Ein treng ikkje eiga så mykje for å få slike tankar. I ein kommentar til 2. brevet til korintarane («Gullgruben») skriv Asschenfeldt-Hansen: «Dersom alle velstående blant Guds barn ville gi i forhold til det mange fattige gir, ville gavene til Guds rike mangedobles».

 

«Då han såg opp, fekk han sjå dei rike leggja gåvene sine i tempelkista. Men han vart og vár ei fattig enkje som la to skjervar i henne. Og han sa: Sanneleg seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn alle. For alle dei andre gav av si overflod, men ho gav av sin fattigdom – alt det ho hadde å leva av» (Luk 21:1-5).

 

Vanskeleg for ein rik å verta frelst
Jesus seier det er vanskeleg for ein rik å verta frelst. «Gå då og sel alt det du eig og gjev det til dei fattige. Då skal du få ein skatt i himmelen. Kom så og fylg meg. Men då den unge mannen høyrde det, gjekk han sorgtung bort, for han var svært rik» (Mat 19:21-22). Jesus let han berre gå! Så vanskeleg er det for ein rik å verta frelst!

 

Jesus seier videre: «Atter seier eg dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauga, enn for ein som eig mykje, å koma inn i Guds rike. Då læresveinane høyrde det, vart dei reint forstøkte og sa: Kven kan då verta frelst?» (Mat 19:24-25). Men vi vert ikkje forstøkte! No til dags er visst ikkje det noko problem. No kan vi dyrka både Gud og mammon, sjølv om Guds ord seier det ikkje er mogleg å tena to herrar.

 

I det same stykket frå «Gullgruben» står  dette: «De som har samlet mye eiendom, skal forstå at Gud har gitt den for at de skal la sin overflod komme dem til gode som trenger det». «Og eg seier dykk: Vinn dykk vener ved den urettferdige mammon, så dei kan ta imot dykk i dei evige bustader når han sviktar» (Luk 16:9). Pengane kan bli omsette til frelste sjeler!

 

Vil vi ha vekkjing?
Korleis skal vi bli løyste frå synda si makt? Vi må først erkjenna det Herren peikar på i livet vårt. Kor ligg så krafta til å ferdast i samsvar med Guds vilje? Eg trur Paulus peikar på det når han skriv til korintarane. Han oppmodar dei til å gje rikeleg – og avsluttar med desse orda: «Gud vere takk for si useielege gåve!» (2Kor 9:15). Denne gåva er Jesus.  «Jesus, det er mer enn meget, at jeg deg til gave fikk» (Sb 524:5a).

 

Der evangeliet får rom i hjarta, misser synda si makt. Men når det gjeld mammon sitt herredøme over oss, seier Paulus: «Den som sparsamt sår, skal sparsamt hausta. Og den som rikeleg sår, skal hausta med rik velsigning. Kvar ein må gje som han set seg føre i hjarta, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar» (2Kor 9:6-7).

 

Vi ber om vekkjing, men vil eg inn i Guds lys med livet mitt? Vil du? Kan henda det er det Herren ventar på før han kan bønhøyra oss.

Lov og Evangelium 2011 - Nr 09