Det er nok, det som Jesus gjorde

Det finst ein løyndom i evangeliet som må openberrast for oss, nemleg den at det er nok til frelse det som Jesus gjorde! Då melder spørsmålet seg straks for dei mange: Er det nokon løyndom?

I 1957 var det vekkjing på heimstaden min under ei sommarsamling på Tryggheim Ungdomsskule (det som på den tida vart kalla ungdomsskule, var det same som i dag vert kalla folkehøgskule). Eg var 17-18 år.

Eg gjekk åleine heim etter eit kveldsmøte. Øivind Andersen hadde forkynt evangeliet. Eg tenkte der eg gjekk: Dette må verta mitt, dette må eg få eiga. Så skjedde det noko uforklarleg. Det kom over meg noko som eg aldri før hadde kjent. Denne kjensla fylgde meg på vegen heimover. Då eg var komen mest heim, stod eg plutseleg på vegen og gret – av glede – og takka for frelsa!

Same kvelden sa eg til foreldra mine at eg hadde vorte ein kristen.

Så gjekk tida. Vart det spørsmål om mitt gudsforhold, så gjekk tanken alltid til denne opplevinga eg hadde hatt.

Eg trur at eg der og då vart frelst, men opplevinga vart etter kvart min himmelbillett.

Det er jo ikkje i våre opplevingar vi skal ha vår trøyst, men i ein person, i Jesus, og det han har gjort og er for oss.

Slik eg ser det, så måtte Herren ta frå meg min ureine trøystegrunn, på ein måte ta frå meg det han sjølv hadde gjort i mitt liv! Det var ei bitter erfaring.

Gjennom ransakande forkynning smuldra heile mi oppleving opp som frelsegrunn. Men også evangeliet vart forkynt. Og litt etter litt byrja det å dagast for meg:

Frelsa er jo ferdig! Det heile var ordna opp på Golgata – lenge før eg tenkte å verta ein kristen. Det var ordna for 2000 år sidan! Visste eg ikkje det frå før? Jau, men eg hadde ikkje sett det, slik at eg hadde noko reell nytte av det. Det var berre noko eg visste og som eg heldt for sant; det høyrde berre med til trua. No såg eg at det var nok til frelse for meg og at det var mitt det som Jesus hadde gjort. Det var for meg det var gjort.

Det var løyndomen i evangeliet som vart openberra for meg.

Dersom nokon før dette hadde spurt meg om eg trudde det var nok det som Jesus hadde gjort til mi frelse, ville eg ha svara ja, utan å tvila, men eigentleg utan å forstå det djupe innhaldet i spørsmålet. Frelsa er gjort ferdig og ligg klar for ugudelege, men Herren må få ta frå oss våre eigne klede om vi vil inn i bryllaupssalen; elles får vi ikkje bruk for den kledningen som Jesus gjorde ferdig til oss dei 33 åra han var her nede. Og har vi kome inn i våre eigne klede, så er det betre å bli kasta ut her i tida enn på domedag.

Vi må frelsast som ugudelege, for det er vår natur etter syndefallet (sjå Rom 4:5). Vi vil helst frelsast ved noko vi gjer og er:

Vi har omvendt oss, vi trur. Dette må vel Gud rekna med? Vi ber og les i Bibelen, går på møte, strir mot synda, går til nattverd. Er ikkje det nok? Den som har si trøyst i noko av dette, er ein farisear.

Det einaste som er nok, er det som Jesus har gjort. Og skal det verta nok for deg, så må du gje opp det som er di vinning. Det må verta til skrap for deg som det vart for Paulus, sikkert også for Nikodemus – og alle andre som har vorte frelste og fødde på nytt. Sann omvending er å gå fallitt på alt sitt eige. Det vart sagt eingong at vi må frelsast frå vår omvending. Det vart til trøyst for meg den gongen det vart sagt. Eg skulle sleppa å få til ei skikkeleg omvending! Når vi ingen ting har i oss sjølv, då får og har vi bruk for mellommannen som har teke seg av vår sak. Skjer ikkje dette, så sit du att med det som er verka i og ved din gamle Adam. Han kan gå med på å verta ein alvorleg kristen, men han vil ikkje missa sitt liv. Han tviheld på sin eigen kristendom. Berre lat alt fara! Han skal døy, han skal ikkje frelsast!

Jesus vil vera åleine om di frelse. Han har gjort alt ferdig, og du kjem for seint med ditt bidrag. Han har jo sagt at det er fullført!

Når går ein eigentleg fallitt på alt sitt eige? Det skjer når du tek di tilflukt til Jesus slik som du er og slik som du har det.

Det kosta Jesus mykje for at du skulle få det for ingenting.

Skulle du i tillegg til dine andre synder – også leggja til den aller største synd å vraka det som kosta Jesus så ufatteleg mykje? Jesus vil ha deg som løn for si smerte, og du får det, som sagt, for ingenting.

Vil du plussa på med noko av ditt eige, er det ikkje lenger av nåde.

«Når blodet da virket så kraftig hos Gud at han lot seg evig forsone, og derfor alene vil ta deg til brud og gi deg den himmelske krone; så la du deg dermed og nøye!»