Omvending og kristeleg vandel
«Så skal då heile Israels folk vita for visst at Gud har gjort han både til Herre og Messias, denne Jesus som de krossfeste. Men då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: Kva skal vi gjera, brør?»Apg 2:36-37 Guds ord til deg og megTalen som Peter heldt på pinsedag, har også noko å seia meg og deg til liks med folket i Israel. Vi er alle medskuldige i det som kom over Jesus. Vi er med vår synd årsak til Jesu liding og død. «Men då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta…»Det var det same som hende i Kina, då Marie Monsen og enkelte andre tala Guds …