Eitt er nødvendig
«Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting. Men eitt er nødvendig. Maria har valt den gode delen, som ikkje skal takast ifrå henne.» Luk 10:41-42 I dag gjeld det ikkje Marta og Maria, men deg og meg. Det er mykje som vil oppta tida vår. Maria brukte tida rett. Kvifor var det så viktig? Vi er gjenstand for ein kamp om vår sjel som går føre seg i vårt hjarteliv, ein kamp mellom to makter som vi sjølv ikkje har krefter til å gjera noko med. Eitt er nødvendig, vart det sagt til Marta. Det er vårt forhold til Guds ord som til sist blir det avgjerande. Går vi fortapte, er det heilt og fullt vårt …