Guds fullkomne lov
Guds fullkomne lovAv Kjell Farnes Guds lov er fullkomen, men mennesket er ufullkoment. Ein kan sjå Guds gode vilje gjennom Herrens lov. Men eit menneske kjem stadig til kort når ein skal fylgje Herrens lov. «Men lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda vart stor, vart nåden endå større,» seier Paulus i Rom 5:20. Eit menneske må sjå si synd før det kan verte frelst. Difor er loven si forkynning så viktig. Loven i praksis fører til syndserkjenning. Og der det er syndserkjenning, er det bruk for frelse. Men vert lova gjort liberal, slik at me maktar å oppfylle henne, så fører det til fariseeisme. Men frelsa har me i Jesu verk og gang til Golgata. …