Dødsalvor utan alvor!

Dødsalvor utan alvor!
Dag Rune Lid i samtale med Gunnar Soppeland

– Alvoret i tida ligg i eit paradoks: Midt i eit åndeleg dødsalvor, er det total mangel på alvor!

Det er Gunnar Soppeland frå Årdal i Ryfylke som seier det slik når han beskriv situasjonen i det norske folk. Han er fridtidsforkynnar, aktiv skribent i ulike tidsskrift og sjølvstendig næringsdrivande. Den åndelege situasjonen i det norske folk ligg han på hjarta, og han ber på ei djup smerte over utviklinga i kristenfolket.

Undertone av uro
Når ein les artikklar du skriv kjenner ein på ein undertone av uro. Kva er det som uroar deg?

– Som på Jesu tid står det om kor vidt Guds hus skal vere eit bønehus eller ei røvarhole. Den raske utviklinga i negativ lei er eit alvorleg teikn i tida. «Saltet» har visst ikkje lenger kraft til å motverke verda sine destruktive krefter. Kanskje er me komne inn i den tida då urettferda skal ta overhand. Då vil det verte vanskelege tider, seier Skrifta.

Når Bibelen ikkje lenger reknast som heilag, har vi heller ikkje noko heilagt gudsbilete, berre eit forvrengt. Gud kan då vere kven som helst. Og kven som helst kan ordne seg eit gudsforhold.

– Avkristninga gjer at kristendomen misser makta over folket. Alle livsområde må lide for dette, og konsekvensane er store. Både politisk, åndeleg og moralsk bryt ein heilage grenser for å skape mest mogleg «fri flyt». Tek ein bort det som er evig sant, rett eller gale, vert alt tillate. Sjølv lovgjevarane og bødlane som drep born i mors liv kan då vere skuldfrie. Ord som synd, soning og tilgjeving går ut av bruk.

«Du skal» blir erstatta med «eg vil»
– Antropologien og vitskapen ser berre verda og mennesket slik dei ter seg for det menneskelege auga. Sjølvforståinga ligg i genane si utvikling. Positivismen og sosialdarwinismen hevdar at samspelet mellom arv og miljø gjennom utallige generasjonar har gjort oss til dei vi er. Menneske vert eit uansvarleg produkt, eller offer for ibuande drifter og behov, om ein vil. Dermed er Boda sitt «du skal», erstatta med genane sitt «eg vil», slik Nietzsche anbefalte. Det første reknar mennesket som eit evig ansvarleg individ. Det andre som eit nummer i ein dyreart.

– Lausriving frå Gud fører altså til rotløyse og manglande feste. Men dette kan ikkje vedvare utan å ende i fullstendig kaos. Det innser mange i dag. På alle område er det behov for å finne nye vegar og nye utgangspunkt. Dei politiske partia har overlevd seg sjølv, og enda i ein slags pragmatisk nyttefilosofi der det lønsame er det rette og sanne. Dei kan ikkje lenger legitimere seg ideologisk slik at ein veit kor dei vil av.

– Dette gjeld også den kristne verksemda. Nye utgangspunkt og vegar har vore sak nummer ein i lang tid. Er utgangspunktet å halde liv i seg sjølv og halde på posisjonar, vert val av verkemidlar og veg deretter. Til forveksling ikkje så ulikt det demokratiske prinsippet «eg vil», kjent frå forsamlinga i Laodikea som Herren ville spy ut or sin munn.

Ein morar seg til døde
– Dei fyrste kristne var ein viktig maktfaktor som verda frykta. Dei var salt med kraft. No er spørsmålet om saltet vert kasta ut og trakka ned. Ser ein på den nære fortid og det som rører seg i kyrkjer og organisasjonar, må ein lure på om dei ikkje burde kalle seg frilynte. Bruk av underhaldning står ikkje attende for dei rørslene ungdom før vart frelste frå. Kanskje med eit unnatak: Nokre frilynte lag ville ikkje akseptert sambuarskap og rus.

– Ikkje nok med at verda heldt på å le og more seg i hel, men mange kristne og morar seg saman med verda, som verda. Underhaldande innslag vert stadig meir vanleg der kristne samlast. Seinast i sommar landa «Zorro» på plattforma under opninga av Normisjon si generalforsamling, revyartistar underheldt på Ungdommens Landsmøte (NLM) i Kongeparken, og frå Oslo Kristne Senter sin tenåringsleir rapporterte Dagen at «Morsomme toaletthistorier blandet med klar forkynnelse fanger oppmerksomheten.»

– Dersom Bibelens alvor får skape åndeleg naud, blir denne nauda sjølve livsalvoret og ein del av den kristne si liding i verda. Eg lurer på om det er dette ein vil underhalde seg bort frå i kristne samvær? Tek ein Bibelen på alvor og ser kva som står på spel, vert det alvorleg å vere både frelst og ufrelst. Forkynning av det alvorlegaste, utan alvor, fjernar alvoret.

– Er Gud nær, vert det alvor, – og stillheit! Dette har med nådegåver å gjere. Men dersom forkynnarnådegåva vert erstatta med instruktørar og artistar som framfører sine talar humoristisk, og song og musikk vert show og underhaldning, ja, då fjernar dette alvoret. Men er Gud nær, då vert det alvor, – og stille.

– Fokusering på menneskelege kvalifikasjonar på kostnad av nådegåveutrustning, har fjerna den åndelege substansen i mykje forkynning og truger med å lamma og utarma bedehusa. Utan alvor vert alt likegyldig, noko «tidsriktig» språk og form speglar av. Det store no for tida er kommunikasjon. At ei tomheit får kontakt med ei anna tomheit, er visst underordna.

Kva meiner du har ført oss inn i denne situasjonen?
– Ei kort samtale som dette gjev ikkje rom for nyanserte svar. Men ser ein 40-50 år attende gav Olav Valen Sendstad og Øivind Andersen røyst til den klassisk lutherske og rosenianske forkynninga av lov og evangelium. Dei hadde begge klåre personlege vitnemål om ei grunnleggjande frigjering i evangeliet, og dette var grunntonen i det dei forkynte og skreiv.

– Omvending og gjenføding var to ulike hendingar som kunne falle saman i tid, men som ofte ikkje gjorde det. Difor måtte ikkje desse omgrepa blandast saman. Etter deira tid har forkynning til gjenføding tagna. Omvending har blitt til tru på dåpen, og dåpen til varig gjenføding av alle barnedøypte. Dette kan vere ei forklaring på det uføre vi er komne i. Dermed misser forkynninga kraft og klårleik til å leie søkjande gjennom til evangelisk forløysing. Hovudtema vart omvending og rustning til teneste. «Standpunktet» vart omvendinga, og aktivisering i lag og organisasjonar vart tenesta.

– I sekstiåra blomstra skulelag og ungdomsarbeid. Men mange unge vart trøytte og utslitne av å skulle oppføre seg som åndeleg frigjorde kristne, utan at dei var blitt det. Desse vart marknad for den karismatiske bylgja som kom på 70 talet. Ei karismatisk oppleving gjorde susen. No fekk vengene luft å sveve på i lange stemningsmetta møte, og fjæra kunne bruse fritt under suggererande song og musikk. Seinare omfang og forgreining av karismatikken vitnar om kor grunnleggjande forvirringa om lov og evangelium var og framleis er.

Lov og evangelium ein trussel
– Ei klår forkynning av lov og evangelium er ein trussel mot karismatikken slik han har breia seg ut og vert dyrka. Berre spør Åge Åleskjær! Han er antinomist og latterleggjer det han kallar elendigheitsteologi.

– Diverre er det i dag mange 50-60-åringar som sit att med såre kjensler fordi dei «bøygde seg» under forkynning som ikkje førte dei fram til evangelisk forløysing. I praksis fekk dei berre tredd eit nytt livsmønster utanpå eit uendra sinn. Av dette vart det hyklarskap.

– Etter kvart har gapet mellom livsmønster og sinn jamna seg ut. Ved ulike høve kan ein høyre personar som distanserer seg frå si ungdomsomvending og står fram som «nyevangeliske», sjølvbestemte kristne – utan omvending – og kledd i eit kav verdsleg livsmønster.

Andre har vore lojale mot livsmønsteret dei bøygde seg under, har verna om dette og funne meining i vinna flest mogleg andre for det same livsmønsteret.

Alternativet Willow Creek
– Organisasjonar og forsamlingar som til no har halde att og ikkje skikkeleg slept dei nye ekspansive rørslene til, har no fått eit alternativ i Willow Creek. Prinsippet for denne rørsla er i realiteten at som ein ropar i skogen får ein svar, – ein gjev folk det folk vil ha. Sår ein i kjøt, må ein og hauste kjøt.

– Etter det eg har sett er Willow Creek eit døme på kva vi absolutt ikkje treng. Opplegget minner om noko David Åleskjær sa på Det Norske Misjonsselskap sin tenmisjonsfestival for eit par år sidan. Han ville ikkje ha vekking men revolusjon, for ordet vekking tykte han var for negativt lada. Det overlet for mykje til Gud. «Vi mennesker må derimot gjøre det selv, hvorfor skal Gud gripe inn. Han har jo gjort det.» Innforstått: Alt er opp til oss.

Framleis håp!
– Dei som har tru på framgangsteologien vil kanskje riste på hovudet av dette intervjuet. Då vil eg berre presisere at det negative eg har peika på kjem av mi mistru til det åndelege menneske og den menneskelege viljen.

– Men på vegne av Guds sak er eg grunnleggjande optimist. Den skal fullendast! Det byggjer eg mellom anna på Rom 9:16, der det heiter: «Så står det altså ikkje til den som vil, eller den som renner, men til Gud som syner miskunn.»

Artikklen er hentet fra Dagen, og er gjengitt i forkortet utgave. Hele artikkelen kan leses på

Sist oppdatert: www.nll. no