Josia og Kong reinsinga av templet
«Aldri før hadde det vore nokon konge som han, nokon som på den måten hadde vendt om til Herren av heile sitt hjarta og heile sin hug og av all si makt, slik heile Moselova krev. Og etter han stod det ikkje fram nokon som han» 2Kong 23:25. (Les gjerne heile avsnittet 22:1-23:26!) Tenk å få eit slikt ettermæle! Josia sitt forhold til lovboka Josia var berre åtte år gammal då han vart konge. I 2Krøn 34:3 står det at han søkte Gud i det åttande året av styringstida si, altså 16 år gammal. Ti år seinare, i det attande styringsåret, då han var i ferd med å setja i stand templet, fann øvstepresten Hilkia – nærast tilfeldig – lovboka. …