På veg til Emmaus
To motlause venerNår evangeliet ein og annan gong blir openberra for oss, kan det vera mest som å bli frelst på nytt. Det var det som hende med dei to som var på veg til Emmaus, då Jesus gav seg i lag med dei. Det var to motlause, kristne vener som tala seg imellom om alt som hadde hendt med Jesus, han som dei hadde sett sitt håp til. Det står at augo deira vart haldne att, så dei ikkje kjende han. Men det står òg skrive at «der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei» (Mat 18:20). Det ser vi her. «Se, Jesus er nær, om stundom han synes langt borte!» (Lina …