På veg til Emmaus

To motlause vener
Når evangeliet ein og annan gong blir openberra for oss, kan det vera mest som å bli frelst på nytt.

Det var det som hende med dei to som var på veg til Emmaus, då Jesus gav seg i lag med dei. Det var to motlause, kristne vener som tala seg imellom om alt som hadde hendt med Jesus, han som dei hadde sett sitt håp til. Det står at augo deira vart haldne att, så dei ikkje kjende han.

Men det står òg skrive at «der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei» (Mat 18:20). Det ser vi her.

«Se, Jesus er nær, om stundom han synes langt borte!» (Lina Sandell, sb. 473)

Å vandra i tru
Det går tydeleg nok fram at årsaka til at augo deira vart haldne att, var at Jesus ville dei skulle læra å kjenna han utifrå Skriftene. Etter at han hadde fått høyra kva dei samtala om, seier han til dei: «Kor uvituge de er, og kor seinhjarta til å tru alt det profetane har tala! Laut ikkje Messias lida dette og så gå inn til herlegdomen sin? Og han tok til frå Moses og frå alle profetane og la ut for dei det som stod skrive om han i alle Skriftene» (Luk 24:25-27,44b).

Jesus forkynte altså evangeliet ut frå det som står skrive om han i heile Det gamle testamente!

«Når Jesus kommer inn i huset»
Då dei kom fram dit dei skulle, nøydde dei han og sa: «Ver hjå oss, for det lir mot kvelden, og dagen hallar (Luk 24:29).

Då dei sat til bords, «tok han brødet, velsigna det og braut det og gav dei. Då vart augo deira opna, og dei kjende han. Så vart han usynleg for dei. Og dei sa til kvarandre: Brann ikkje hjarto våre i oss då han tala til oss på vegen og opna Skriftene for oss? Og dei gav seg på veg i same stunda og vende attende til Jerusalem (24:30-33).

Frå Jerusalem til Emmaus er ca. 11 km. «Det lir mot kvelden og dagen hallar», hadde dei nettopp sagt, men no tok dei i veg att tilbake til Jerusalem!

Brødet frå himmelen
Kva var det som hadde skjedd?

Til profeten Elias sa engelen: «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg».

Dei hadde fått mat! Sjeleføde!

Jesus seier om seg sjølv at han er livsens brød; han ikkje berre gjev livsens brød, men at han først og fremst er livsens brød. «Guds brød er det som kjem ned frå himmelen og gjev verdaliv» (Joh 6:33). «Det brødet eg vil gje, er kjøtet mitt, som eg vil gje til liv for verda» (6:51b).

Det var dette han tala om til desse to. Han la ut for dei det som er skrive om han i alle Skriftene – med det resultatet at det vart tent ein brann i hjarto deira. Den brannen blir tent når vi får sjå Jesus som vår Frelsar og «stedfortreder». Livsens brød er vår «stedfortreder» som har ordna vår sak med Gud. Og det som han er, og har gjort, er livsens brød for oss.

Måtte det skje med oss som det står om apostlane: «Då opna han for tankane deira, så dei kunne skjøna Skriftene» (Luk 24:45). Men han seier òg: «Sæle er dei som ikkje ser og endå trur» (Joh 20:29).

Når Jesus kommer med sin nåde
og legger den på hjertets sår,
når synderen har sett sin våde,
og med sin nød for Jesus står,
da slukkes sorgen salig ut,
da blir det glede stor i Gud!

Når Jesus kommer inn i huset,
og hilser alle med sin fred,
og den har alle gjennomsuset
og senket seg i sjelen ned,
da blir det stille, lyst og mildt,
da enes det som før var skilt.

Kom inn til meg og alle mine,
og bli vårt hjertes trøsteskatt!
Kom inn med lys til alle hine
som ennå bor i dødens natt!
Jeg sier i mitt stille sinn:
Du Guds velsignede, kom inn!

Magnus B. Landstad, sb. 212.