Margrethe Skumsnes til minne
Margrethe Skumsnes til minne Margrethe Skumsnes fekk heimlov 23. november 2001, 87 år gamal. Det var vel kanskje ingen av oss som hadde tenkt at Margrete skulle nå ein så høg alder, når ein tenkjer på dei mange og harde sjukdomsturane ho vart prøvd med, ikkje minst dei siste åra. Margrete vart med i Lekmannsmisjonen alt frå starten i 1963. Ho hadde fått nedlagd ein trong til å vitna og dela Ordet med ei små, spreidde flokkane og foreiningane kringom landet. Denne trongen var fødd alt frå ungdomen hos Margrete. Soleis var ho tidleg med i tenesta for Ordet, først i Misjonssambandet. Når Margrete vitja oss, var gjerne det første spørsmålet: «Kor har de det då?» Og ein kunne merka …