Misjonsarbeidet i Peru – 2003
Misjonsarbeidet i Peru! Av Dag Rune Lid Gjennom 14 dagar i april fekk eg den store gleda å få vere med å besøkje misjonsarbeidet i Peru. Det var utruleg mange inntrykk som møtte oss på dei få dagane me fekk besøkje våre kristne brør og systrer i Peru. Og etter som tida går og inntrykka får søkkje så er det som dei blir meir levande. Me fekk kjenne det heilage samfunnet som er uavhengig av kulturelle og nasjonale grenser. På mange måtar kjende me på store kontrastar mellom Peru og Noreg. Det var smerteleg å sjå den uendelege fattigdommen som mange peruanarar lever under og samstundes tenkje på korleis me her i Noreg lever i uendeleg overflod. Men trass …