Den siste timen (II)
Den siste timen (II) Tale av Gunnar Soppeland (sommarskulen 2004) Dei godtruande Både i Rom, Galatia og Korint var det godtruande personar i forsamlingane. Det vil seie at dei støtta seg til, og trudde på, forførarane sine smigrande ord. Dei støtta seg til mange glimrande utsegner som forførarane hadde om seg sjølve. Det dei ynskte, meinte og ville, fann dei godtruande akseptabelt. Paulus vurderer dei derimot ut frå det faktiske innhaldet i forkynninga. Han ser at det er noko som ikkje stemmer med den ytre framferda deira. Og han avdekker vidare det som låg skjult under dei smiskande orda. Han skriv: «For desse er falske apostlar, svikefulle arbeidarar, som skaper seg om til Kristi apostlar. Og det er ikkje noko …