Den siste timen (III)

Den siste timen (III)
Av Gunnar Soppeland

Å forkynne Guds Ord
Forkynninga av Guds Ord vil alltid vere i fokus mellom kristne, anten arbeidet går fram eller ttende. I dag er tradisjonell forkynning i djup krise. Manglande gjennomslagskraft gjer at ho taper terreng som det berande elementet i den kristne verksemda.

Emissæren er snart ein kuriositet. Personar som disponerer andre eigenskapar, verkemiddel og møteopplegg har teke plassen hans. Monologen frå talarstolen er kritisert både for si form og sitt innhald.

Det er eit alvorleg faktum at Guds Ord kan forkynnast slik at det vert utan frukt. Paulus minner om at til og med Kristi kross kunne misse si kraft ved at evangeliet vart forkynt på feil måte (med vise ord).

Forsvinn den bibelske verknaden av forkynninga i forsamlingane våre, er det verkeleg grunn til ransaking. I den grad forkynninga stemmer med Guds Ord, er Ordet sjølv levande og kraftig og utrettar si gjerning både synleg og usynleg, til frelse eller til forherding.

I Heb 4 står det at Ordet ikkje vart til nytte fordi det ikkje ved tru var smelta saman med dei som høyrde det. Det gjeld og forkynnaren. Å smelte saman med Ordet er noko av lidinga ved det å vere forkynnar. Det formar forkynnaren stikk i strid med tida og tidsånda, og gjer at oppgåva hans menneskeleg sett er umogleg. Denne vansken kan berre Ordet og Anden overvinne. Sjølv er han ein hjelpelaus tiggar som er avhengig av å få alt det oppgåva krev.

Kristus kjem i mellom
Det kan altså tenkjast at manglande gjennomslag i forkynninga, skuldast at Ordet har manglande gjennomslag hos oss som forkynner. I så fall er forkynnarkrisa svært alvorleg.

Men får ikkje Ordet smelte saman med tilhøyraren, har me i tillegg ei forsamlingskrise. Da får ein tilhøyrarar som høyrer og vurderer, og som kanskje har innsyn og erfaring nok til å gi forkynnaren ei treffande plassering i ein eller annan forkynnarkategori. Men held tilhøyraren sin eigen person utanfor, slepp ikkje bodskapen inn. Han vernar sin eigen person mot den grunnleggjande samansmeltinga Ordet inviterte til og slepp unna med sjølvlivet i behald. Det gjev grobotn for meir av det som høyrer kjøtet til.

Paulus seier: «Eg lever ikkje lenger sjølv, eg er krossfesta med Kristus» (Gal 2:20). Dette er radikale ord. Kva er det som går med i døden under krossfestinga? Kva er att når me døyr? I Bibelen står det om at Jesu død, var det gamle menneske sin død. Me smelta altså slik saman med han, at alt hans vart vårt og alt vårt vart hans. Dermed kjem Kristus og hans død i mellom alt. Først og framst mellom syndaren og Guds vreide. Men og for at me heilt skulle bli sameina med han. Grunnen var at me skulle bli tekne vare på, på ein tryggare måte enn det vernet me kunne finne i verda eller i oss sjølv.

Form og innhald høyrer saman
Ei forkynnarkrise kan berre løysast ved at forkynninga vert meir i samsvar med Guds Ord. Å redusere forkynninga sin plass og erstatte mangelfull forkynning med noko anna, som tilsynelatande fungerer betre, er eit fatalt bomskot, sjølv om ein hevdar at nye arbeidsformer og verkemiddel tek vare på det tradisjonelle åndsinnhaldet og fører dette uendra vidare.

Slagordet: «Frie i form, konservative i innhald», ser ut til å vere allment akseptert, og fungerar i praksis som eit nytt «reformasjonsprinsipp» som har opna forsamlingar for rein verdsleg underhaldning og artisteri. Det enklaste er å vrake prinsippet på grunn av resultatet. Men er det ikkje mogleg å sjå at dette prinsippet har i seg ein logisk brest?

Eit liv og ei livsart vil alltid streve etter å verkeleggjere sin eigen natur. Og kvar livsart har jo si eiga form. Ein rev har form som ein rev. Ein hare har form som ein hare, osv. Forma er bestemt ut i frå den livsart som ein rev og ein hare representerar. Reven kan aldri ta forma til haren, og omvendt. Dei må begge ha ei form som svarar til sin eigenart for at levevilkåra skal vere optimale.

Er det ikkje og slik i Guds rike? Når Ef 4:15 talar om å vekse opp til han som er hovudet, Kristus, seier vel dette noko om form og framtoning. Og når det i v. 16 heiter at: «Såleis veks lekamen sin vokster», tyder vel og det at veksten er ei verkeleggjering av Kristi Ord, vesen og natur, både som årsak og verknad. Av Matt 13:23 ser me at dei som høyrer Ordet og skjønar det, gjev grøde i både tretti, seksti og hundre foll. Alt kom an på vilkåra Ordet fekk da det vart sådd.

Liv og livsform vil alltid hengje i saman. Før ferdast efesarane etter denne verda sitt vis, og gjorde det kjøtet og tankane ville (Ef 2). Da var dei åndeleg blinde og døde. Etter at dei av nåde vart sette i himmelen med Kristus, ville det vore merkeleg om ikkje himmeltonane kom til å erstatte tonane frå det syndige paradiset dei vart frelste frå. Kunne eigentleg motsetnaden mellom liv og livsform før og etter frelsa bli større?

Teologi og form høyrer saman
Det er heller ikkje tilfeldig at ulike kyrkjesamfunn har ulike former. Me kan til dømes ikkje skilje katolsk lære frå den katolske høgmesseforma. Dette er som hand og hanske. Teologi og form går i eitt.

På same vis er det med eit møte i pinserørsla. Utan den klassiske pinselæra, ville ein heller ikkje hatt den karakteristiske møteforma. Skulle ei katolsk messe ta til å likne ei pinseforsamling, kunne ein umiddelbart konstatere at teologien var vridd i same leia.

Noko anna er utenkjeleg.

Former har effekt i kraft av seg sjølv
Men denne lovmessige samanhengen vil ein i dag ikkje vedgå. Ein trur til dømes det går an å innføre musikkformer med opphav i rus og sexmiljø utan å ta med seg den kjøtlege ånda desse formene spring ut av.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at rock er rock i kraft av seg sjølv. Den tenar berre seg sjølv, den har seg sjølv som mål, og smeltar tilhøyrarane saman med si eiga ånd. Den tilfører «kristne» samanhengar same åtferda som ein ser i rocken sine opphavlege samanhengar.

Prinsippet om den frie forma har gjeve verda si ånd og vesen spelerom overfor både unge og eldre midt i den kristne forsamlinga. Og i praksis verkar det slik at dei ansvarlege slepp unna ei sakleg prøving av det framande og verdslege tankegodset som på denne måten vert lurt inn.

Dei fører altså inn ein verknad som kolliderar med Guds Ord og vesen. Det er dømt til å mislukkast! Ein får aldri eld og vatn til å gå saman!

At form ikkje berre er form, men uttrykk for underliggjande tankar, ser ein på den vekta desse formene vert tillagt og det omfanget dei har fått der dei slepp til. Det viser at formene i seg sjølv har ein effekt som gjev det resultatet ein er ute etter, uavhengig av innhaldet, og uavhengig av om det er bilfabrikk eller forsamling ein vil halde liv i.

Kyrkjevekstrørslene sine arbeidsformer kan difor breie seg utover på tvers av alle konfesjonelle grenser. Verkemidla og arbeidsmetodane gir resultat uavhengig av bibelsyn, lære eller nådegåver. Men når Ordet er det framste og sterkaste og beste nådemidlet me har – kven er da den som vågar å føye noko til dette? Ordets kraft er verknaden av Jesu blod.

Gud til vurdering
Det høyrer med til Willow Creekkonseptet å gå på dørene til folk for å høyre deira meining om den kristne verksemda, og finne ut korleis folket vil at forsamlinga skal vere for at dei skal ha interesse av å koma.

Folk har mellom anna svara at dei vil ha evangeliet presentert på introduksjonsnivå, og ikkje som konfrontering av noko absolutt. Dei vil ha Gud og kristendommen til vurdering og vert lokka til å tru at kristendom er eit livssyn som kan tilpassast brukaren, og at det for tida er kjøpars marknad.

Nebukadnesar vart som kjent vurdert på Guds vektskål og funnen for lett (Dan 5:27). Det er noko anna enn å vurdere Gud og hans Ord. Under sann bibelsk forkynning kjem mennesket under Guds augo. Og hans vurdering vert ståande som det endelege og avgjerande.

Demonisk evangelium
Eg har ei uhyggeleg kjensle av at såkalla behovsretta forkynning har omgjort kristendommen til ei forførande skjøkje som lokkar menneske til å blande lys og mørke i Guds heilage namn.

Samrøra mellom heilag og vanheilag og mellom ånd og kjøt representerer eit demonisk evangelium, som gjer synda, verda og kjøtet heilt ufarleg. Botferdige syndarar vil ein ikkje lenger vete noko av. Og det sanne evangeliet har ein ikkje lenger bruk for.

Når konservative rørsler opnar for alt dette nye, vil dei hevde at dei på denne måten demmer opp for teologisk oppløysing. Dei vil vere tru i mot Bibelen og vedkjenninga. Mange tenkjer at det som er godt for organisasjonen deira, også er godt for Guds rike. Men det er å snu alt på hovudet.

Eg kan ikkje sjå at alt dette nye som har fløymt innover kristen-Noreg dei siste åra, har sprunge ut av Skrifta og vedkjenningsskriftene. Men det vert forsvart og tolka inn under desse. Ikkje minst for at den enkelte organisasjonen skal unngå unødig uro og få arbeidsrom og legitimitet for det dei meiner er naudsynleg kursdreiing. Dei ynskjer å få arbeide i fred med det framande tankegodset som dei har teke opp i seg. Det er noko av alvoret.

Svevnen skil frå røyndommen
Tek me Ordet på alvor, vert det bestemmande for korleis me tenkjer og arbeider.

Spørsmålet er om me er vakne for Ordet sin tale eller om me søv.

Det karakteristiske ved svevnen er at den fjernar den sovande frå det verkelege tilværet. Det var svevnen som fjerna læresveinane frå det åndelege drama som utspelte seg i Getsemane da Jesus kjempa denne siste kampen, og han bad dei om å vaka med seg.

  • I denne avgjerande timen, må de vaka med meg, sa Jesus. Men dei sovna. Han gjekk og vekte dei, men dei sovna att. Svevnen skilde dei frå den åndelege røyndommen som skjedde berre eit steinkast unna. Det er noko av dramaet óg i situasjonen vår. Svevnen tek oss vekk frå den åndelege røynda og den profetiske røyndommen som utspelar seg i dag.

  • Det er difor om å gjere at Guds Ord får rope oss opp til vekking og liv. Eg trur det er den viktigaste bodskapen me har til kvarandre: Timen er inne! Me må vakne or svevnen!

Hald fast på Ordet!

Om ikkje lenge skal me vekkjast likevel! Det at me lar oss vekkje i dag er avgjerande for kor me skal slå augo opp når ropet lyder: «Sjå, brudgommen kjem, gå han i møte!» Da vaknar alle.

Men halvparten av dei som ville møte brudgommen nådde ikkje dette målet. Gud, gi at det aldri vert for seint for nokon av oss! At nokon av oss kjem til ein port som er stengd, og vert ståande mellom dei utestengde. Det er grufullt, men det Bibelen fortel er realisme. Den dagen skal kome uventa og brått på dei fleste. Ved den stengde døra er både vona og nåden tekne bort. Men i dag frelser Herren alle som påkallar namnet hans.