Årsmelding fra Landsstyret 2004/2005
Til evig tid, Herre, står ditt ord fast Årsmelding frå Landsstyret for arbeidsåret 2004/2005 Det siste året har på mange vis vore uroleg for vår verd. Jordskjelv, tsunami, krig, epidemiar, terror, forfølging – «føderiene» aukar på. Då Jesus talte med sine om det som skulle skje i denne siste tid, sa han at dei ikkje skulle la seg skremma. «Når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar» (Luk 21:28). Forløysinga er nær! Snart gryr ævemorgonen for Guds folk, og då skal den truande vere berga for evig! Alt i denne verda skal forgå, men Ordet står fast til evig tid! Guds folk skal få setje si lit til han …