Moldova

Moldova

Jan Ove Heggdal og Per Bergene Holm besøker Moldova i begynnelsen av oktober. Be om at Ordet må få inngang!

Uår i landet – eit kall til anger og bot

Referat frå medarbeidarsamling og opningshelg

Det var Gunnar Soppeland som tala over dette temaet på medarbeidarsamlinga under opningshelga på Bibelskolen på Fossnes 19.–21. august. For første gong prøvde ein å arrangere ei heil opningshelg i samanheng med semesterstart ved Bibelskulen. I tillegg blei dette kombinert med ei medarbeidarsamling.

Medarbeidarsamlinga var laurdag formiddag, og Soppeland beskreiv innleiingsvis kva som skjer, når uåret kjem, og fienden vinn over Israel, regnet ikkje kjem, og det blir hungersnaud, pest og rust på kornet så det blir uegna til å bære frukt.

Han tala om anger som ei redsle som blir jaga inn i samvitet når synda blir kjend, men også om Han som stilte seg i gapet for oss medskuldige, som eit vern mot Guds vreide.

Samtalen etterpå viste at bodskapen hadde rørt ved mange, og det vart ikkje tid til å samtale om den praktiske delen av arbeidet i misjonen. Det fekk vente til eit seinare høve. Referatet frå talen kjem i neste nummer av bladet.

Laurdag kveld var det opningsfest på Bibelskulen, der Soppeland tala over temaet «Møt Kristus i Skrifta». Det var song av Fossneskoret, og presentasjon av dei nye elevane. Totalt er det denne hausten 14 elevar, sju kjem frå Sverige og sju frå Noreg. Festen blei avslutta med helsingar og frie vitnesbyrd, før alle blei inviterte på kvelds.

Sundag formiddag tala Soppeland over temaet «Me rosar oss i Kristus», ut frå Fil 3:3, der me fekk sjå korleis Kristus kom i mellom syndaren og Gud, djevelen og verda. Han avslutta med å understreke at vitnemålet ikkje berre skal stemme med Bibel og vedkjenning, det må også stemme med hjarta. Den levande Jesus må stå i mellom alt.

Mange var takksame for samlinga, og det er allereie bestemt at det blir opningshelg med medarbeidarsamling også neste år – om Gud vil.

Ref.: DRL