Årsmelding fra Landsstyret 2004/2005

Til evig tid, Herre, står ditt ord fast

Årsmelding frå Landsstyret for arbeidsåret 2004/2005

Det siste året har på mange vis vore uroleg for vår verd. Jordskjelv, tsunami, krig, epidemiar, terror, forfølging – «føderiene» aukar på. Då Jesus talte med sine om det som skulle skje i denne siste tid, sa han at dei ikkje skulle la seg skremma. «Når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For det lir mot utløysinga dykkar» (Luk 21:28). Forløysinga er nær! Snart gryr ævemorgonen for Guds folk, og då skal den truande vere berga for evig!

Alt i denne verda skal forgå, men Ordet står fast til evig tid! Guds folk skal få setje si lit til han som seier: «Eg vil vaka over ordet mitt, så eg set det i verk» (Jer 1:12). Herren vil stå ved sitt ord og sine lovnader til minste detalj, og snart kjem han som kome skal i himmelens skyer! Når det skjer, skal kvar tunge sanne at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære (Fil 2:11). Då vil han, som døydde i fornedring, kome igjen som sigerherre og domar med utløysing og berging for sitt folk.

Der Guds ord i sanning blir forkynt, der vil alltid Ordet gjere si gjerning. «Liksom regnet og snøen fell ned frå himmelen og ikkje fer opp att dit, men vatnar jorda og får henne til å bera og gro, så ho gjev såkorn til såmannen og brød til den som et, slik skal ordet mitt vera, det som går ut frå munnen min. Det skal ikkje venda tomt attende til meg, men det skal gjera det eg vil, og ha framgang med alt som eg sender det til» (Jes 55:10-11). Difor vil me i Lekmannsmisjonen med stort frimod så ut Ordet frå Guds munn, for det er like spirekraftig som i fordoms tid og det skapar liv av døde.

 

Sist årsmøte vart avvikla på Lundheim Folkehøgskole på Moi. Sidan dette årsmøtet har styret hatt 4 styremøter og 42 saker er behandla. Det blei attval på Karl B. Bø og John Flaten, og i tillegg kom Ingar Gangås inn i styret. Magne Ekanger blei vald til 1. varamann. Frå før sat Håvar Fjære og Dag Rune Lid i styret. Styret konstituerte seg med Dag Rune Lid som formann og Karl B. Bø som nestformann.

 

Etter årsmøtet trekte Håvar Fjære seg frå Landsstyret, og seinare på hausten blei Evangelisk Luthersk Misjonslag (ELM) etablert. Frå årsskiftet sa INEL-Perú opp samarbeidsavtalen med NLL. Landsstyret orienterte om det som skjedde i oktober- og januarnummeret av bladet. Desse orienteringane er lagt ved årsmeldinga.

Dei som har forkynt Guds ord for oss dette året, har vore: Sigbjørn Agnalt, Per Bergene Holm, Hans Henrik Brix, Kristian Fagerli, Lars Fossdal, Asbjørn Fossli, Gunnar Fossli, Martin Fjære, Ingar Gangås, Reidar Heian, Olaf Klavenæs, Reidar Linkjendal, Tore Mangelrød, Dagfinn Natland, Gunnar Nilsson, Carl Henrik Rehnström, Karl Riis, Gunnar Soppeland m.fl. Styret vil få takke alle desse.

 

Sentrale arrangement i regi av Lekmannsmisjonen har vore pinsestemnet på Bibelskolen på Fossnes, hovudsommarskulen på Lundheim Folkehøgskole på Moi, og sommarskulen på IMI-Stølen i Sør-Trøndelag.

 

Jan Ove Heggdal frå Namsos vart sist haust kalla til å overta hovudansvaret for ytremisjonsarbeidet i Moldova. Me er takksame for at han sa seg villig til dette. Det er Per Bergene Holm som har hatt det meste av kontakten med Moldova fram til no, og me er også takksame for det arbeidet han har lagt ned her. Det blir lagt fram eigne årsmeldingar for ytremisjonsarbeidet i Moldova og for Bibelskolen på Fossnes.

Bladet «Lov og Evangelium» kom som vanleg ut med 10 nr. i året som gjekk. Parallelt med dette legg me også bladet ut på Internett med stigande besøkstal på sidene våre. På vårparten var besøkstalet omlag 100 pr. dag.

 

Så vil me takke den enkelte av venene i dei små grupper og lag som trufast har samlast i regi av Lekmannsmisjonen! Takk for forbøn for styret, forkynnarane og for dei nasjonale medarbeidarane i Moldova! Takk for gåver til arbeidet, og takk til dykk som legg til rette møteverksemd og tek imot forkynnarane på heimstaden dykkar! Takk til alle dykk som stiller opp på stemner og møter rundt om i landet. Og ikkje minst, takk til dykk som forkynner Guds ord for oss! Men først og fremst vil me takke vår himmelske Far og Frelsar for hans omsorg og nåde mot oss på alle vis i året som har gått – med bøn om at hans rike må kome og hans vilje måtte skje mellom oss.

For Landsstyret

Dag Rune Lid, formann