Korleis brukar du di dyre tid?
Korleis brukar du di dyre tid? Av Dag Rune Lid For ei tid attende var eg i jobbsamanheng på eit seminar som gjekk på bruken av sosiale media på internett. Det er media som Facebook, Twitter, Youtube, MySpace osv. Facebook har no passert 400 millionar brukarar. Det kjem 1 million nye brukarar på Facebook kvar dag. Berre i Norge er det 2.2 millionar på Facebook. Dei fortalde at i Norge nytta brukarane av Facebook i gjennomsnitt 55 min. kvar dag på dette mediet. Då er det nok mange som nyttar det fleire timar for dagen. Det vert som ein mani, der ein må følgje med korleis det går med vener og kjende, og slik går time etter time framfor skjermen. …