Utløyst – og kalla på namn

«Og no, så seier Herren som skapte deg, Jakob, som laga deg, Israel: Ver ikkje redd! Eg har løyst deg ut, kalla deg på namn, du er min.» Jes 43:1

Ver ikkje redd!

«Jeg ofte er i frykt og fare og tenker alt er selvbedrag». Denne frykt veit Herren om hos sine barn, og så møter han dei med si trøyst: «Ver ikkje redd!» Kva er årsaka til det?

Eg har løyst deg ut!

Eg har betalt skulda di! «For det er éin Gud og éin mellommann mellom Gud og menneske, mennesket Kristus Jesus. Han som gav seg sjølv til ein løysepenge for alle» (1Tim 2:6).

Kalla deg på namn

Kva vil det seia å vera kalla på namn? Når vi les om dei bibelske personane, ser vi ofte at namnet fortel noko om personen som ber namnet. Jakob, som her er nemnt, tyder bedragar, luring. Og slik var han. Den natta Jakob kjempa med Gud – før han skulle møta bror sin, Esau, som stod han etter livet – ville Jakob at Herren skulle velsigna han. Då spurde Herren: «Kva er namnet ditt?» Før det kunne skje ei velsigning, måtte Jakob seia kven han var. Og han måtte erkjenna: Namnet mitt er Jakob. Eg er det eg heiter: ein bedragar og luring. Han stod for Gud som den han var. Då fekk han Herrens velsigning og eit nytt namn: «Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel» (1Mos 32:24-31).

Når Jesaja gjennom dette ordet forkynner evangeliet, tek han med begge namna: «Og no, så seier Herren som skapte deg, Jakob, og laga deg, Israel…». Forsoningsverket omfattar heile personen på godt og vondt. Apostelen Peter fekk også eit nytt namn. Likevel bar han den gamle Simon med seg i sin natur. Det vart han også minna om gjennom Jesu ransakande spørsmål: «Simon, Johannes son, elskar du meg meir enn desse?» Dette gjeld ikkje berre Peter og Jakob, men kvar og ein som i sin fattigdom har funne rikdommen i namnet Jesus. For Gud skal eg alltid få stå som den eg er, for han har kalla meg på namn.

Kva er så mitt namn? «Å, jeg er en synder stor! Det er all min navneære. Bedre kan det ikke være når jeg hører lovens ord.» Men så har vi fått eit nytt namn å rosa oss av: «Rosa dykk av hans heilage namn!» (Sal 105:3). «Å, Jesus, ditt namn er det beste av alt det du syndaren gav». «Jesus, det er mer enn meget at jeg deg til gave fikk».

Du er min

Når han har skapt meg, laga meg, løyst meg ut – og kalla meg på namn, så kan han på dette grunnlag seia til meg: Du er min. «Guds barn eg er! (…) Min Gud, er det sanning eg seier? Ja, Gud du då sjølv så det seier!»

L&E 1995, fornyet utgave