Kom med meg til ein øyde stad!

Eg høyrde om ei bedrift som hadde utvida. Dei hadde også fått eit nytt og meir effektivt lagersystem, og eit betre og meir effektivt datasystem som kunne spara fleire arbeidsplassar – alle gledde seg. Men etter ei tid var det fleire som ikkje makta meir. Visst var det effektivt, men det vart så stressande for fleire av dei som arbeidde der at dei slutta – dei makta ikkje meir.

Me lever i ei tid der alt skal vera så effektivt. Mobiltelefonar som skal hjelpa oss til betre kommunikasjon, gjer at alle kan nå oss både med tale, sms eller e-postar døgeret rundt. Ein vert så tilgjengeleg at ein aldri får fred. Det ser ut for at dess meir effektive me vert, dess meir stress genererar det.

Det kan også vere at ein trivst godt i jobben sjølv om han kan vera intensiv, men som ein sa til meg: – Eg er så inspirert at eg tenkjer på korleis eg skal løysa oppgåvene, når eg går på tur med borna, når eg kjem heim frå jobben og når eg skal leggja meg. Det er også det første eg tenkjer på når eg vaknar om morgonen. Korleis få det til å fungera enno betre? Han var så inspirert.

Slik er det i denne verda, og som kristen er ein i verda og vert påverka av denne verda. Om ein er stressa eller inspirert – er faren like stor. Det ser ut for at djevelen og tidsånda legg trykket nettopp her i dag. Det vert så lite ro, og den truande ser ofte ikkje denne faren sjølv.

Ein dag Jesus var saman med læresveinane var dei så stressa, eller kanskje inspirerte, at dei ikkje hadde tid til å eta – står det. Då seier Jesus til dei: «Kom med til ein øyde stad der vi kan vera for oss sjølve, og kvil dykk litt!» (Mar 6:31).

Skal du og eg finna kvile hjå Jesus, krev det at Jesus får oss avsides der han i ro kan få tala til vårt hjarta. Skjer ikkje det, døyr sjelslivet. Læresveinane såg ikkje dette behovet sjølve, så Jesus måtte avbryte deira travle ferd og dra dei avsides.

Livet me lever i denne verda påverkar det livet me lever med Herren. Difor seier Herren til sine at dei må koma avsides med han. Elles vert alt berre strev og kav, høy og halm som skal brennast opp ein dag. Det vert bortkasta arbeid det me strevar med – i æveperspektiv.

Det står om Jesus: «Tidleg om morgonen, medan det endå var mørkt, stod han opp og gjekk ut. Han drog bort til ein øyde stad og bad der» (Mar 1:35). Jesus hadde behov for å starta dagen med ei stille stund med sin himmelske far. Har du og eg det? Då er sinnet ope og mottakeleg, utan at så mange inntrykk har fått hardtrampa hjartejorda.

Då kan eg få lytta til Ordet, la det søkkja i sinnet, la det påverka val som skal takast i løpet av dagen som ligg framom. Når Jesus hadde behov for det, burde ein kvar kristen ha desto større behov og trong for det.

Då profeten tala til Guds folk i fordoms tid sa han: «I stilla og i tillit skal dykkar styrke vera. Men de ville ikkje» (Jes 30:15). I stilla var det dei kunne finna kvile. Det var her dei kunne finna styrke. Det var her dei kunne få hjelp, mot og kraft. Det var her tillit til Herren vart fornya. Det var her Herren kunne få gje dei mot i kampen. Det var her ein vart meir bunden til Herren. Men kva var deira reaksjon? Dei ville ikkje lytta til Herrens røyst.

Måtte ikkje det vere din og min reaksjon når Herren vil ha oss avsides med seg. Då må han gjerne bruka harde midlar for å få deg heim, berga for himmelen.

Som Marias hjerterøtter
søkte denne ene skatt,
da hun seg ved Jesu føtter
full av lengsel hadde satt
– Hans tale var liflig
i hjerte og øre.
Hun ville så gjerne
hans vilje få høre.
Hun kjente den rikdom
i frelseren lå.
Han ene for henne
var all ting å få.

Johann Heinrich Schröder