Lov og evangelium

«For Kristus er endemålet for lova, til rettferd for kvar den som trur.» Rom 10:4

Ei fortapt menneskeslekt
Guds ord, gitt oss som lov og evangelium, er eitt med Gud i hans heilagdom og hans kjærleik. Lov og evangelium er som eit bilete eller ei openberring av Gud. Ingen kan bli frelst utan å læra å kjenna Gud som den han er, heilag og nådig.

Etter syndefallet er kvart menneske eit fortapt menneske, åndeleg dødt. Like lite som vi kan forventa noko av eit dødt menneske, forventar heller ikkje Gud noko av oss når det gjeld vår frelse.

For å berga ei fortapt menneskeslekt, måtte han senda ei ny slekt, ein ny Adam, Jesus Kristus, til å oppretta det som den første Adam hadde øydelagt. Av natur blir vi født inn i den første Adam si slekt. For at vi skulle bli personleg delaktige i den andre Adam, gav Gud oss eit frelsemiddel, sitt heilage Ord. Gjennom dette Ordet kallar han på oss som han gjorde på den første Adam, og spør: «Kvar er du?»

Loven krev fullkomenskap
Ein kan seia at loven og evangeliet har ei gjerning, ei arbeidsfordeling seg imellom i Guds frelsegjerning med oss. Ingen vanheilag kjem inn i Guds rike. Loven krev at du må vera fullkomen. Det kan ikkje Gud slå av på.

Samstundes som loven krev, forkynner evangeliet sin nådebodskap. Men så lenge loven ikkje er komen til ende med sitt arbeid på oss, er det ikkje grobotn for evangeliet i hjarta. Det når berre forstanden. Her står vi i fare for å ta oss sjølve til rette ved å slå av på loven sitt krav og ta til oss evangeliet med vår forstand. Her står ein kamp om vår sjel – mellom satan og Gud.

I denne striden bruker Gud først og fremst loven.

Loven sitt arbeid med oss
Etter syndefallet er vi oss ikkje bevisst kva det vil seia å vera fortapt, men trur at det står i vår eiga makt å omvenda oss når vi vil. Her kjem Guds lov oss i møte og krev det som vi trur vi kan, og byd oss setja i gang: Du må omvenda deg, elles går du fortapt! Så gjer vi det, og det er det einaste rette. Men loven er ikkje nøgd. Han kjem med nye krav, og spør: Er du ein sann kristen? Du er jo så hissig, du skulle vera audmjuk og god. Er du sikker på at det var ei rett omvending som skjedde? Du har jo dei same syndige tankane som før.

Slik set loven oss i arbeid med å verta ein skikkeleg kristen. Om dette seier Olav Valen-Sendstad:
«Vet du at du tross all din flid kan gå evig fortapt? Vet du at du tross all din daglige selvovergivelse har noe som er fullstendig uforbederlig, fiendsk mot Gud, vanhellig og syndig? (…) Saken er jo den at selv om du dag for dag beflitter deg på å føre dette hellige liv – det må du aldri holde opp med – så blir resultatet dog at det alltid blir ett eller annet tilbake, hvor det ikke vil lykkes for deg, en eller annen lyst du ikke har fått temmet, en eller annen tanke du ikke har fått herredømme over. Hva sier loven om dette? Jo, den sier at når det står slik til med deg – at det ennå mangler noe i din hellighet, da er du ingen kristen, men helt fordømt, fortapt og borte fra Gud som en hedning. Det sier loven. Og loven er også Guds ord».

Samarbeidet mellom loven og evangeliet
Den som har lukkast med si omvending, har ikkje lært Gud å kjenna verken i hans heilagdom eller i hans kjærleik. Han veit ikkje noko om det å vera ein fortapt syndar. Dersom loven ikkje får ta livet ditt, dvs. alt ditt eige, også det som Gud måtte ha verka i deg og som du finn trøyst i; så kan ikkje evangeliet bli openberra for hjarta ditt.

Loven og evangeliet arbeidar saman – utan at dei skal blandast saman. Loven stengjer att for oss. Evangeliet opnar nådedøra på vid vegg fordi Jesus har sona vår synd og oppfylt loven i vår stad. Loven talar slik at du ikkje får trøysta deg til noko av ditt eige, han krev og dømer. Samstundes forkynner evangeliet at du får alt for ingenting. Du må gi loven rett i det han dømer deg for. Du må også gi evangeliet rett når det tilbyr deg gratis nåde.

Loven – tuktemeisteren til Kristus
«Men før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova, innestengde til dess den trua som skulle koma, vart openberra. Slik har lova vorte vår tuktemeister til Kristus, for at vi skulle verta rettferdiggjorde av tru» (Gal 3:23-24).

Dette er ikkje noko som berre skjer i omvendinga, det fortset heile livet. Lova vil stadig på nytt døma oss. Samstundes verkar loven slik at vi får bruk for Jesus og evangeliet om han.

Nåde for uverdige
Det er ikkje alltid lett for oss å registrera loven si gjerning i livet vårt. Det er på ein måte skjult. Vi erfarer det vel helst slik at det står så dårlig til med vårt kristenliv. Vi kjenner oss uverdige til å kunna tru Guds nåde. Underforstått: Vi vil så gjerne vera verdige! Det er loven som kjem med sitt krav og seier at vi ikkje held mål. Det må vi gi loven rett i,for loven er like mykje Guds ord som evangeliet. Vi er uverdige.

Loven fordømer oss framleis og seier at vi må vera uverdige på ein rett måte, vi må ha ei rett erkjenning av vår synd.

Kva har vi å stilla opp med mot dette klagemålet? Vi kan svara at lukkast det for nokon å bli verdig på ein rett måte, er ein ikkje lenger uverdig, men sjølvrettferdig! For er ein uverdig, så er ein uverdig! Var det ikkje nettopp slike Jesus tok seg av?

Med andre ord: Du skal sleppa å ha noko som må vera rett med deg for å tru på Jesus. Tvert imot: Ved trua på Jesus blir alt rett med deg overfor Gud. Då har du ditt alt i han.

Evangeliet er for fattige, for slike som ikkje lenger har sin eigen kristendom intakt, og som ikkje har ei «rett
omvending» i ryggen å trøysta seg til – og som ikkje lenger har noko att som talar til eins eigen fordel.

Slik må vi igjen og igjen la loven få ta frå oss alt vårt, og vi må igjen og igjen ta imot det som evangeliet tilbyr oss i den stillinga vi er, ribba for alt vårt eige.

Det er ikkje det at det står så dårleg til med oss, som gir oss rett til Guds nåde. Nei, retten til Guds nåde har vi i Jesus og hans fullførde frelseverk åleine, uansett korleis det står til med deg og meg. Men vi vil så gjerne betala litt – med kva som helst, om ikkje anna enn med vår eigen fattigdom. Men Jesus kjenner oss og veit vel at vi ingen ting har å betala med. Difor må han gi oss det utan å få noko att. Og det må han få oss til å innsjå og gå med på. Og det gjer han ved å ta frå oss det vi måtte ha å koma med.

«Nåde, ja nåde for ingenting, får jeg fra Golgata smake!»Er åleine det som Jesus har gjort, nok for meg? Ja, seier Guds ord! «Min nåde er nok åt deg» (2Kor 12:9). Hans nåde er det einaste som er nok!

«Derfor alle vegne kan du deg tilegne
med et trøstig mot:
Jesus for deg døde,
for din skyld og brøde,
og igjen oppstod.
Grip kun til!
Han gjerne vil
være din med hva han eier,
med sin død og seier.»
(Hans Adolph Brorson, sb 679:4)