I dag er det født dykk ein frelsar

Desse orda vart sagt til hyrdingane jule-natt. Dei same orda er like aktuelle i dag. Herren er den same. Ordet er det same. Desse to orda: «I dag», står fast. «I dag er det født dykk ein frelsar…»

I dag! Eg veit ikkje korleis du har det, men du har uansett fått ein frelsar – i dag! Så treng du ikkje gå og venta på noko anna, eller venta på ein annan dag eller ei anna frelse. Dette er ei frelse for alle menneske, «ei glede for alt folket».

Skulle det gjelda meir ein annan dag enn i dag? Kva nytte ville det vera for oss om det ikkje skulle gjelda for oss i dag? Tenk om dagen i dag skulle vera din siste, men at du av ei eller anna årsak måtte venta eit par dagar til det skulle gjelda for deg. Då ville du vera fortapt!

Du kjenner deg kanskje uskikka til å ta til deg dette? Det er svært kor vanskeleg det skal vera for oss å ta imot alt av nåde. Herren har aldri nemnt noko om at vi skal ha det på ein bestemt måte for å kunna ta imot nåde for ingenting, vel å merka: for ingenting!

Vil du setja vilkår for å ta imot Guds nåde, så viser Skrifta deg til dei ti Guds bod. Då må du oppfylla lova. Ser du at den vegen er stengd, så må du motta nåde som nåde! Slik som du er og har det her og no!

Ein dag vart det ropa ut: «Det er fullført!» Då var alt det ordna som vi hadde bruk for til frelse. Det står ikkje noko att.

«Nåde, ja, nåde for ingenting får jeg fra Golgata smake». «I dag er det født dykk ein frelsar».
«Herre, no kan du la tenaren din fara herifrå i fred, etter ditt ord, for augo mine har sett di frelse», sa Simeon (Luk 2:29-30).

Kva såg Simeon? Han såg Guds frelse til seg i Jesus-barnet. Skal du sjå Guds frelse for deg, må du sjå det same som Simeon. Du må sjå på Jesus. Jesus er Guds frelse for deg som det var for Simeon. Guds frelse for deg og meg er ein person. Ein person som har teke på seg og ordna opp for oss innfor Gud. Du blir aldri meir verdig til Guds nåde enn den i deg sjølv fortapte syndar som du er, liksom Guds nåde ikkje blir større enn han alt er. Du treng difor ikkje vona på noko som skal bli betre i framtida enn det alt er! Alt lukkast for Jesus på våre vegne. Det var det Simeon såg i barnet. Dermed var han reiseklar.

Så har vi like stor grunn som Simeon å fara herifrå i fred. Endå meir sidan Jesus no har proklamert sin siger med orda: «Det er fullført!» Simeon måtte stola på det som frels-aren skulle koma til å gjera på hans vegne. Vi skal få stola på det som alt er gjort på våre vegne.