«For så elska Gud verda…»

«Altså, liksom éin manns brot vart til fordøming for alle menneske, såleis vart og éin manns rettferdige gjerning til livsens rettferdiggjering for alle menneske.» Rom 5:18

Fallet og oppreisinga
Korleis kan ei ugudeleg, fortapt menneskeslekt verta frelst? Det er nemleg vår stilling etter syndefallet. Det er alle menneske sin situasjon. Skal det skje, så må det koma ein redningsmann utanfrå, som kan ta seg av vår sak.

Denne redningsmannen er komen og har gjort det ufattelege storverk å forlika oss med Gud.

«Men alt dette er av Gud, han som forlikte oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forlikstenesta. Det var Gud som i Kristus forlikte verda med seg sjølv så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og la ordet om forlikinga ned i oss. Så er vi då sendebod i staden for Kristus, som om Gud sjølv formana gjennom oss. Vi bed i staden for Kristus: Lat dykk forlika med Gud!» (2Kor 5:18-20).

Omvendinga
Gud har forlikt verda med seg sjølv. Alt er ordna frå Guds side. Så må du og eg og alle andre forlika oss med Gud.

No er saka den at vi gjennom vår arv blir fødde inn i denne verda som fortapte syndarar – med den evige fortapinga som endestasjon ved livets slutt. Men ved det som Jesus har gjort, er det mogleg å bli løyst frå vårt «første fødsels band» gjennom omvending og tru på Jesus.

I realiteten forstår vi ikkje kva det vil seia å vera fortapt. Vi kan lesa oss til det i Guds ord og tru det med vår forstand, men skal det bli verkeleg for oss, så må vi gjera erfaring om det.
Guds ord seier altså at vi må omvenda oss og tru på Jesus. Når vi så har omvendt oss og trur på Jesus, er vi frelste då?

Så lenge vi trur at det står i vår makt å omvenda oss og tru på Jesus – om så er med «Guds hjelp» – blir det ikkje ei sann omvending.

«Ja, men eg har jo gjort det som Guds ord seier eg skal gjera! Er det gjort til inga nytte?» Absolutt ikkje! Du har gjort det einaste rette! Og det er heilt nødvendig.

Men du er født av «manns vilje» og ikkje av Gud (Joh 1:13).

«Kva vil det seia?»
Du kan ikkje av deg sjølv bestemma deg for å bli ein kristen. Verken ei viljeavgjersle eller ei kjenslemessig oppleving kan gjera deg til ein kristen. «Kvifor seier Guds ord at vi må omvenda oss, når vi ikkje kan?» Gud krev at vi må omvenda oss anten vi kan eller ikkje, for Gud er heilag, og det må vi og vera for å leva i samfunn med han.

Guds heilage lov
Ved ei sjølvlaga omvending og ei sjølvteken tru – er det berre den gamle Adam som blir kristna; han som er ugudeleg og aldri kan bli noko anna enn det han er. Han kan nok skifta klede og bli from som ein farisear og rosa seg over å vera Guds barn, men frelst blir han aldri.

På grunn av vår falne natur har vi god tru på oss sjølv. «De kjem slett ikkje til å døy!» sa ormen til Eva. «De vil verta som Gud…» Vi har i grunnen ikkje bruk for ein mellommann. Difor må Gud setja oss i arbeid, så vi kan læra oss sjølv å kjenna – og få behov for ein frelsar. Til det brukar han sin heilage lov, som set oss i aktivitet med å få vår sak i orden med Gud.

Kva sermerkjer loven si gjerning med oss? Han krev og dømer og blir aldri nøgd med oss. Han krev at du må vera rett omvendt og leva eit reint kristenliv. Så må du ha det på den rette måten for å kunna tru på Jesus. Elskar du forresten Gud over alle ting? Er du audmjuk og saktmodig og ærleg i alt? Ber du syndige tankar? Er du lettsindig i tale og liv? Korleis er du i heimen mot ektefelle og born?

Dersom alt dette ikkje er som det skal vera – i samsvar med Guds lov – lyder dommen: «Forbanna er kvar den som ikkje held fast ved alt det som står skrive i lovboka, slik at han gjer etter det» (Gal 3:10).


Vårt forhold til Guds ord

Du tenkjer kanskje at ingen er i stand til å kunna oppfylla Guds lov, så det kan vi ha eit avslappa forhold til når vi har kome til tru på Jesus. Då kan ein spørja: Er ikkje Guds lov like heilag etter at du har kome til tru på Jesus?

Du som har slike tankar, gjer vald mot Guds ord ved at du bryt brodden av Guds lov. Dermed blir du ikkje skuldig for Gud. Der det skjer, kan du vera så evangelisk du berre vil – og rosa deg av Guds nåde åleine, men det heile er berre teori utan liv.

Loven er dei ti boda og den åndelege utlegginga av dei, og vi gjer vel ikkje som vi vil med Guds bod? Vi blir ikkje frelste ved dei, men vi må innretta vårt liv i samsvar med boda. Dei er vår vegvisar under vandringa. Samstundes dømer dei syndene våre, slik at vi kjem i nådebehov. Det er såleis ikkje berre i omvendinga loven dømar oss skuldige for Gud.

Kva er eigentleg ei rett omvending? Det er å koma til kort med heile omvendinga! Det er å møta ein heilag Gud. For du blir aldri slik du skulle vera. Loven får ikkje det han krev av deg. Loven sitt krav er «åndeleg, eg derimot er kjøtleg, seld til træl under synda» (Rom 7:14).

Dette åndelege kravet til deg er så sterkt at loven djupast sett ikkje krev noko mindre enn at du skal vera fullkomen, som Gud er fullkomen. Då må du før eller sidan kapitulera og gå med på at du er fortapt. Er du villig til det? Det er det som skjer når Den Heilage Ande fører oss gjennom den tronge porten og inn på den smale vegen.

Farisearane ville ikkje kapitulera, men stod imot Ordet for å berga sin eigen kristendom – for til sist å enda i fortapinga.

Ein sann kristen står i same fare, for han har også ein farisear i seg, den gamle Adam, som kjempar for sin fridom og vil ta makta i livet vårt – både på det åndelege og det lekamlege området. Han vil gjerne vere ein kristen, men han vil ikkje mista sitt liv.

Evangeliet
Kva seier evangeliet? Det seier at loven ikkje har fleire krav til deg enn dei Jesus har oppfylt.

Guds nåde er ikkje for rett omvende, men for syndarar. Det er ikkje som rettferdige vi blir rettferdiggjorde, men som ugudelege.

Jesus har ikkje kjøpt og frelst oss som gjenfødde, men som ugjenfødde og fortapte.

Det er i ein slik tilstand Jesus har frelst oss og det er i same tilstand vi skal få tru på han. Du treng såleis ikkje vera eller verta noko anna enn den du er for å ta di tilflukt til Jesus. Å vilja vera noko anna enn den du er for å tru Guds nåde, blir eigarettferd.

Ein fortapt syndar, som Ordet fortel at vi er, kan ikkje bli noko anna enn ein fortapt syndar i seg sjølv, difor må han ha sitt alt i Jesus.

Vi las lenger framme at Gud forlikte verda med seg sjølv. Er du ein av verda, så vit at evangeliet gjeld deg.

«Tror du at du er et menneske? Eller kan du ikke tro dette, så ta tak i brystet eller nesen og se om du ikke er av kjøtt som andre mennesker» (Martin Luther).

I så fall er det ditt alt det Jesus har gjort for deg.

Ein annan stad seier Luther: «Kjære, om du sier at han (Jesus) ikke tilhører deg, så vil jeg spørre: Hvem tilhører han da? Er han kommet for gjess, ender eller kyr? Du må legge merke til hvem han er. Hadde han villet hjelpe andre skapninger, så var han blitt en av dem. Men han er et menneske».


Synda er farleg

Gjev vi den gamle Adam fridom i vårt liv, så går det åndelege livet tilbake – med fare for at Den Heilage Ande blir pressa ut og må forlata oss. Det skjedde med Samson – utan at han visste det. Det same skjedde nok både med Salomo og med Judas.

«Demas forlet meg av kjærleik til den noverande verda», klagar Paulus. Det treng ikkje bety at han slutta å kalla seg ein kristen. Han fekk kanskje ikkje bruka sine evner til å tena pengar og utvikla seg i selskap med Paulus. Eller som det heiter i dag: Han fekk ikkje realisera seg sjølv. Det var difor praktisk å flytta litt på seg for å få noko meir handlefridom.

Gjev vi rom for ei einaste bevisst synd, stor eller lita, som vi ikkje vil skilja oss frå, så kan den synda til sist føra oss i fortapinga. Eller bør ein seia det sterkare? Den synda vil føra oss i fortapinga! Striden vi står i gjeld himmel eller helvete.

Men vi kan vel falla i synd? Det kan vi, og det gjer vi, men la oss ta oss i vare så vi ikkje kjem i den stillinga at vi helst vil falla! For det er jo nåde å få! Då blir fridomen i Kristus «eit påskot for kjøtet» (Gal 5:13).

«Vi kjemper nok mot synden. Men dermed er ikke alltid gitt at vi vil seire over den. Vi har innerst inne ikke noe imot å tape, for vi ønsker den tilfredsstillelse og nytelse som den syndige lyst forespeiler oss. Men vi vil ikke tape uten kamp. Vi vil ha den gode bevissthet at vi allikevel har kjempet. Ja selvbedraget er fint og mangfoldig i det fordervede menneskehjertet» (Ole Hallesby).

Videre seier Hallesby: «Når vi overvinnes av fristelsen, så har det derfor én av følgende to grunner: Enten er det så at vi ikke helt redelig vil ha seier. Eller er det så at vi nok redelig vil seire, men ennå ikke har lært vår egen hjelpeløshet å kjenne, slik at vi i fristelsens øyeblikk kaster oss like i Frelserens armer for at han skal avvæpne vår fiende for oss».

Synd og nåde
Kva så med deg som gong på gong fell i den same synda? Det er di liding og sorg. Du undrast, som det står i songen: «Dyp av nåde – er hos deg, Jesus, ennå rom for meg? Har forlatelse du mer For en synder som jeg er? Jeg har stått din Ånd imot… krenket deg med tusen fall…»

«Då gjekk Peter til han og sa: Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg, og eg tilgje han – opp til sju gonger? Jesus sa til han: Ikkje sju gonger, men sytti gonger sju!» (Mat 18:21-22).

«Om han så syndar mot deg sju gonger om dagen, og sju gonger kjem attende til deg og seier: ‘Eg angrar!’ Så skal du tilgje han!» (Luk 17:4).

Slik er Jesus mot oss! Han tel ikkje gonger. Kor ligg så krafta til eit sigrande kristenliv? Ho ligg i Guds nåde mot deg! Du må ta imot Guds tilgjeving og nåde før du vinn siger over di synd.
«Vert då du, son min, sterk ved nåden i Kristus Jesus!» (2Tim 2:1).