Brev frå den nasjonale kyrkja i Peru, INEL-Perú – 1999

Brev frå den nasjonale kyrkja i Peru, INEL-Perú
– je –

Arequipa i Peru, 29 desember 1999

Brør i Lekmannsmisjonen Noreg.-

Vår særskilde vørdnad.

Tak imot våre hjartans helsingar i namnet åt vår velsigna Herre Jesus Kristus. Me som sit i landsstyret i INEL-Perú kjenner oss svært takksame til dykk for hjelpa som me mottar, både til dei som tener i misjonsarbeidet og at me på same vis – takka vere dykk – kan drive eit radioarbeid, og på desse måtar forkynner me evangeliet om vår Herre Jesus Kristus og vi trur at Ordet er levande og kraftig slik Heb 4:12 seier.

Også styret i den lokale kyrkja i Alto Selva Alegre vil bere fram si helsing til alle brør og systrer i Lekmannsmisjonen. Dei er mykje takksame for hjelpa som dei har fått til bygging av kyrkja. Dei kjenner seg svært lukkelege og synest dei har fått ei flott julegave av dykk.

På same vis helsar styret i den lokale kyrkja i sentrum dykk. Dei og er takksame for all hjelp og støtte.

Kjære brør og systrer, mykje takk for alt de gjer for oss. Frå vår side ynskjer me at de må få mykje velsigning frå Herren. Vi vil og nytte høvet til å ynskje dykk eit godt nytt år! – og at vi i dette tusenår som no byrjar måtte få eige Guds nåde.

Vi takkar for oss med bibelordet i Joh 8:12. Måtte Kristus opplysa hjarta dykkar!

Varme helsingar frå INEL-Perú
Celso Valdiglesias
President