Korleis arbeider den vonde?
Korleis arbeider den vonde?Av Dag Rune Lid «For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.» 1 Pet 5:5 Dette verset skil menneska i to flokkar. Nokon vert Guds motstandarar, medan andre får nåde. Grunnskaden i menneskenaturen kjem fram her, nemleg det stolte sinn. Men det vitnar også om nokon som Gud fekk audmjuka. Overmot, hovmod og eigenrettferd er grunnskaden i menneskehjarto. Djevelen var sjølv ein engel av høg rang, men overmot og hovmod førte til at han vart utestengd frå himmelen. No unner ikkje djevelen ei einaste sjel å nå himmelens herlegdom. Difor brukar han same taktikk på di og mi sjel. Han veit at får berre overmot og hovmod mot Gud rom i hjarta, vert …