Kan henda Herren gjer noko for oss! (Del 1)

Kan henda Herren gjer noko for oss! (Del 1)
Av Dag Rune Lid

Så sa Jonatan til våpensveinen: Kom, lat oss gå over til forposten åt desse uomskorne! Kan henda Herren gjer noko for oss. Ingen ting hindrar Herren frå å frelsa, anten det er ved mange eller ved få.

Våpensveinen svara han: Gjer alt du har i tankar! Gå berre du! Eg skal fylgja deg kvar du vil. 1Sam 14:6-7

Les gjerne heile kap. 13 og 14. Der får me sjå inn i ei vanskeleg tid i Israel. I kapitla foran les me at profeten Samuel er blitt gamal, og at sønene hans ikkje ferdast på Herrens vegar. Saul har blitt konge, og me ser korleis han byrjar gå fråfallet sin veg, – bort frå Guds ord. Situasjonen for folket er mørk. Fienden ser ut til å vinne på alle frontar.

Gripne av frykt og mismot
Då Israels-mennene såg at dei var i fare av di folket vart så hardt trengde, gøymde dei seg i hòler og hellarar og bergskorter og kjellarar og brunnar.» (1Sam 13:6)

Frykta førte dei inn i mørke kjellarar, og djupe brunnar – dei leita etter plassar å skjule seg. Dei var prega av fortviling og mismot. Det var mørke på alle kantar, og i tillegg står fienden ved døra, klar til angrep.

Filistrane hadde bortført alle smedane i Israel (13:9), slik at folket blei utan sverd, spyd og reiskap. Dei var difor heilt avvæpna og hjelpelause i møte med fienden. «Såleis hadde det seg at den dagen slaget stod, fanst det korkje sverd eller spyd hjå nokon av alle dei folka som var med Saul og Jonatan, berre Saul og sonen Jonatan hadde slikt.» (1Sam 13:22) Fienden var overveldande: «Filistarane samla seg for å føra krig mot Israel: Tretti tusen vogner, seks tusen hestfolk, og fotfolk så mange som sanden ved havsens strand.» (1Sam 13:5)

Vår historie
I Det gamle testamente finne me mange førebilete og parallelle situasjonar til historiske periodar i folk og nasjonar. Det me møter her har parallellar til den åndelege situasjon me i dag opplever i vårt folk. «Men alt dette hende dei som førebilete, og det er skrive til formaning for oss, som dei siste tider er komne til.» (1Kor 10:11)

Hans Nilsen Hauge (1771-1824) var eit reiskap som Gud fekk bruke til ei djup samvitsvekking som gjekk over Noreg i byrjinga av 1800 talet. Mange av dei som var med på Eidsvoll i 1814 var prega av desse vekkingane, noko som også viste seg i sjølve grunnlova. 1800-talet blei vekkinga sitt hundreår i Noreg.

Også langt ut i vårt hundreår var det samvitsvekkingar med djuptgripande frukter i folket. Heile bygder blei forandra. Gud reiste opp kvinner og menn, drivne av Den Heilage Ande, som fekk svinge Andens sverd – Guds ord – over menneskehjarto. Guds rike vann siger etter siger. Det var mange «smedar» som kveste Andens sverd, frå professorer på universitet til lærarar i barneskulen, og frå biskopar og prestar i kyrkja til predikantar og sundagsskulelærar i heimar og bedehus.

Men kva skjedde? «Medan folka sov, kom fienden hans og sådde ugras i kveiten.» (Matt 13:25) På slutten av 1800-tallet byrja bibelkritikken gjere seg gjeldande ved universiteta i Europa. Den fekk etter kvart gå sin sigersgang gjennom folket – endåtil mellom Guds folk – til me i dag har fått eit kristendomsfag i skulen, der alle religionar er blitt likestilte og læraren ikkje lenger har lov og seie at Bibelen er sanninga.

«Smedane», dei åndelege hyrdane som skulle kvesse «sverdet» for Kristi stridsmenn her på jord, har fienden bortført og gjort tause og ufarlege. Vekkarrøystene som ropa: «Så seier Herren!» har tagna i mange samanhengar. Dei som talar som Guds ord og vågar å stå fram, blir hengde ut i massemedia til hån og spott. «Jerusalems murar» blir angripne på alle stader, og det ser ut som det raknar over alt. Fienden er som «sanden på havsens strand» og dei som Herren enno har fått halde vakne sukkar: «Kva skal me gjere?»

Fienden tilbyr hjelp
Resultata blei for Israel at dei måtte gå til filistarane for å kvessa reiskapa sine. (13:20) Har det skjedd i vårt land også? I mange samanhengar er eg redd for at det er det som har skjedd. Bibelkritiske tankar har fått sige inn i folket, og alt frå skapinga til dommedag er rydda ut or lærebøkene. I kristendommen sitt namn er ein blitt så human at ein ikkje lenger kan seie at noko er rett og gale, og den sodomittiske synd som no herjar kyrkja, fører både folket og kyrkja inn under Guds vreide. «Dei lækjer skaden hjå folket mitt på lettvint vis, når dei seier Fred! Fred! Og det er ingen fred.» (Jer 8.11)

Den åndelege søvn har gjort at fienden har fått sådd sin sæd, og så har ein mist trua på Andens sverd som er Guds ord. I staden er ein byrja lytte til fienden i kampen om sjelene. Det blir sagt: «- Me må kommunisera med tilhøyrarane!» For å få kontakt med sjelene byrjar ein dra inn alle moglege verkemidlar – dans, drama, trylling og anna underhaldning. Kva blir resultatet? Jau, mennesket får ikkje møta ein heilag Gud som er ein fortærande eld mot all synd, og dei får heller ikkje trong til frelsa. Det skjer ingen ny fødsel, det blir ikkje skapt noko nytt liv. «Så kjem de og stig fram for mitt åsyn i dette huset som er kalla med mitt namn, og seier: Vi er frelste! – og så vil de framleis gjera alt dette avskyelege!» (Jer 7:10) «Du har namn av å leva, men du er død.» (Op 3:1)

Det at trua kjem av forkynninga av Guds ord (Rom 10:17), og at Herren ved dette «sverd» dødar og gjer levande (1Sam 2:6), det ensar ein ikkje. Resultatet uteblir ikkje mellom Guds folk: Saltet har mist si kraft, og fienden vinn siger etter siger i folket vårt! Samfunnet går i «forråtning» og me vil få oppleve at «Guds vreide vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urettferd hjå menneske som held sanninga nede i urettferd.» (Rom. 1:18) Det blir ein frykteleg dag når Gud må tukte vårt folk fordi me forkastar han, og det blir ein enda verre dom når kvar enkelt skal møte den heilage Gud på dommedag.

Erobringstrong
Men det var då det såg som mørkast ut at Gud greip inn blant israelsfolket. Det var mørkt i det babylonske fangeskap då Gud reiste opp Daniel. Det var mørkt i Europa då Luther fann ein nådig Gud. Det var mørkt i Israel då Gud reiste opp Jonatan. Det var mørkt i Noreg då Gud sende ut Hans Nilsen Hauge.

Bibelen og heile kyrkjehistoria vitnar om at når Herren vil ha noko gjort, så startar han ikkje masserørsler. Han tek ut ein mann som han byrjar å forme i sitt fortrulege råd, og openberrar sine ord for hans hjarta. Når Herren openberrar sitt ord for dette menneske, og mennesket er tru mot Ordet, då syt Herren for at dette menneske blir høyrt i folket. (1Sam 4:1) Så brukar Gud denne mann som ein hyrde for sitt folk.

Midt på dagen forlet Jontan og våpensveinen kong Saul og folket. Åleine reiser dei over til fienden sin leir. Jonatan var kongesong og namnet tyder på hebraisk: «Gitt av Jahve», dvs. «gitt av Gud». Eit underleg førebilete på himmelens kongeson – Jesus – gitt av Gud til frelse for sitt folk. Han kom også då det såg som mørkast ut for folket hans, og vann den største siger i Guds rike.

Gud hadde lagt ein erobingstrong ned i Jonatan sitt hjerte. Noko av den same erobringstrong finn me hjå den himmelske fyrsten: «Det var ham tungt tå tenkte på At verden skulle under gå, Det skar ham i hans hjerte. I slik en hjertens kjærlighet, Han kom til oss på jorden ned Og lindre all vår smerte.» (Sb 638) Jesu naud var å erobra syndarar for himmelen. Difor kom han! Difor døydde han! Og difor lever han i dag i forbøn for sjela di!

Kvar er det ein kristen får denne erobringstrongen? Den får ein hos Jesus i Ordet. Dess nærare du lever Herren, dess meir vil du bli prega av Jesu sinnelag, han som vil at alle menneske skal bergast for himmelen og lære sanninga å kjenne. (1Tim 2:4)

«Kan henda Herren gjer noko for oss?»
Jonatan var prega av den himmelske erobringstrong. Han hadde ein forventning til Herren og ikkje til kva han sjølv og folket kunne makte mot fienden. Kva er det han seier? «Kan henda Herren gjer noko for oss?» Han var ikkje oppteken av eigne moglegheiter eller den overveldande fienden. Hans blikk var festa på Herren – skaparen av himmel og jord.

Skal ein kristen sigre og nå målet, og skal ein sigre i kampen om sjelene, så er det berre ein veg å gå: Med blikket festa på trua sin opphavsmann og fullendar. (Hebr. 12.2) «Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! Tak Guds fulle rustning på dykk, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak…..» (Ef 6:10-18)

Direkte eller indirekte er Jonatan ei frukt av vekkinga under Samuel. (kap. 7) Folket kom i syndenaud, og Herren fekk gripe inn med frelse. Det var denne vekkinga som danna grunnlaget for stordomstida under kong David. Jonatan hadde i samlivet med Herren erfart, både i sitt eige liv og mellom Guds folk at «ingen ting hindrar Herren frå å frelse, anten det er ved mange eller få.» (v. 6) Heile vår Bibel vitnar det same!

Jesu død på korset viser til fulle at me har med eit anna rike enn denne verden å gjere. Det som såg ut som den største vanmakt – då himmelens Gud blei korsfesta – det var den største siger for Guds rike, fordi Guds kraft vert fullenda i veikskap. (2Kor 12:9) Det var Gud åleine som sigra på Golgata kors.

Korleis er det Gud arbeider? Jau,»ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren, Allhærs Gud.» (Sak 4:6) Anden brukar Ordet, og gjennom det talar Herren til samvita. Menneske som lyttar til Andens røyst gjennom Ordet, vil oppleve å stå som ein syndar for den heilage Gud. Då treng ein nåde, frelse og berging frå fortapinga. Det mennesket som gjev Ordet og Anden rett – blir frelst.

Når Herren gjer noko for oss, blir det varige frukter. Kven er det Herren arbeider gjennom? Jau, han arbeider gjennom slike som Jonatan som ventar alt frå himmelen og seier: «Kan henda Herren gjer noko for oss?»

«Ingenting hindrar Herren i å frelsa»
Tenk for eit herleg evangelium for syndarar i naud. Ingenting hindrar! Frå Guds side er frelsa ferdig for kvart einaste menneske. Då Jesus døydde på Golgata kors reiv han ned fiendskapen mellom Gud og menneske. Teppet i templet, som skilde inntil det aller heilagaste, rivna frå øvst til nedst – frå himmelen! Difor er det også at evangeliet lyder til ditt og mitt hjerte, same korleis me kjenner det: «Ingen ting hindrar Herren i å frelse.»

Men kvifor blir ikkje alle menneske frelst då? – ein skulle tru det var kø av menneske som ynskte å søkja Gud når det ikkje er noko frå himmelen som hindrar Herren i å frelse. Jesus sjølv svarar på det: «Jerusalem! Jerusalem! Du som slår profetane i hel og steinar dei som vert sende til deg. Kor ofte eg ville samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.» (Luk 13:34) Heila vår Bibel vitnar: Dei ville ikkje lytta til Herrens røyst. Det var på hørselssida skaden låg, og den er like framtredande i dag. Gud vil så gjerne frelse sjelene – men folk vil ikkje.

Kanskje det ikkje er så mange som samlast om Guds ord i di heimbygd? Høyr då dette himmelske budskap: «Kan henda Herren gjer noko for oss. Ingen ting hindrar Herren frå å frelsa, anten det er ved mange eller ved få.» Det er ikkje talet det kjem an på i Guds rike, men om me er tru mot hans Ord – då vil han bruka oss i sjelevinnararbeidet, sjølv om me ikkje alltid ser dei store fruktene.

I si tid vil Herren gje frukt. «Liksom regnet og snøen fell ned frå himmelen og ikkje fer opp att dit, men vatnar jorda og får henne til å bera og gro, så ho gjev såkorn til såmannen og brød til den som et, slik skal ordet mitt vera, det som går ut frå munnen min. Det skal ikkje venda tomt attende til meg, men det skal gjera det eg vil, og ha framgang med alt som eg sender det til.» (Jes 55:10f)

Så får det liggje i Herrens hand om det er mange eller få som blir berga.

«Vær frimodig, redde hjerte, Dristig, du forsakte sinn! Skynd deg nå med all din smerte Like til din Jesus inn!»

Det står ikkje noko om Jonatan hadde stor eller lita tru, men han hadde tillit til Herren og kva Han kunne gjere. Det er i samfunnet med Herren at trua spirer fram som frukt, og difor såg han heller ikkje noko problem i at Herren kunne sigre om han ville det. Ingenting er umogleg for Herren!

Oppmuntring på vegen
Jonatan samtalar fortruleg med våpensveinen sin. Dei forstår kvarandre og har samfunn med kvarandre. Det er gildt å møte slike «våpensveinar» som ein kan samtale fortruleg med om dei åndelege ting. Det gjev styrke og frimod å møte slike som har tillit til Ordet og sin styrke i Herren. Då blir i grunnen problema så små, og så gjev det oppmuntring om mismotet sig på. «Gjer alt du har i tankar! Gå berre du!» seier våpensveinen (v. 7). Har du møtte slike, som har kome med eit oppmuntrande ord? Om du ikkje var som Jonatan, så kunne du i alle fall få vere som våpensveinen. Gud treng mange slike i dag.

I krig er viktig å ikkje stadig male ut korleis fienden sigrar. Det tek motet frå soldatane. Det er ein fare også i kampen om sjelene. Blir me berre opptatt av verdsleggjeringa mellom Guds folk, fråfallet frå Guds ord og korleis djevelen herjar, så margstel det Jesus stridsmenn. Då blir ein meir opptatt av «bølgjene» enn av Jesus og Ordet. Då blir mismotet lett til ei hengjemyr utan botn.

Korleis talar Bibelen til Guds born i åndeleg strid? Jau, «Tru på Herren dykkar Gud, så skal de halde stand! Tru på profetane hans, så skal de ha lukke med dykk!» (1Sam 20:20) Det er dette Brorson talar om i songen «Stå fast, min sjel, stå fart I Herrens kriger!» I 5. verset seier han: «Når Jesu kjærlighet Vi rett betrakter, Og verdens herlighet For intet akter, Når himlen er oss kjær Og lys og yndig, Først da blir Herrens hær I striden myndig.» (sb 470)

«Eg skal fylgje deg kvar du vil.» (v. 7) Slik tala våpensveien, og slik blir det for den sjel som Herren har fått frelse. «- Jesus du får føra meg kvar helst du vil.» Paulus snakkar om å vere Jesu Kristi trell – ein har ikkje lenger sin eigen vilje, men er underlagt Herren, og hans ord i eitt og alt. I dag er det så ofte snakk om sjølvrealisering, men slik er det ikkje i Guds rike. Sjølvrealiseringa kan ikkje kombinerast med Guds veg. Difor blei så mange liggjande etter på himmelvegen. Utdanning, karriere, ektefelle, hus, hytte og heim fekk førstprioritet. Og plassen i det heilage samfunnet stod så ofte tom. Den daglege stunda med Bibelen, blei plikt og stress – i staden for nådestunder under ein open himmel. (Fortsettes i neste nr.)