Redninga kjem frå himmelen!

Redninga kjem frå himmelen!
Av Dag Rune Lid

I 2. Kongebok 6 står det ei forteljing om Elisa og tenaren hans, som har vorte til oppmuntring for himmelvand-rarar opp gjennom historia. Kongen i Syria har omringa byen. Då tenaren til profeten kjem ut om morgonen og får sjå det, ropar han: «Å, meister, kva skal vi gjera?» Frå menneskeleg synsstad såg det håplaust ut – dei var omringa av fienden på alle kantar.


Vi er omringa av fienden

Det kan opplevast slik i dag også for gudsbarnet, når verdsleggjeringa grip både folket og dei kristne, og «fienden» kjem i bispekjole. Og ikkje nok med det du opplever i det ytre, men du kjenner på fienden djupt i din eigen barm, og må seie med songaren «synden meg plager, netter og dager». Det er ikkje alltid lett å finne ord for det ein føler – det blir berre eit sukk i eins indre: «Å, meister,kva skal vi gjera?» Det er som ein blir omringa på alle kantar.

Ver ikkje redd!
Fins det redning for slike? Kva gjorde tenaren? Han lytta til Herrens tale gjennom profeten – Ordet. Det er redninga også i dag. Kva sa profeten: «Ver ikkje redd! Dei som er med oss, er fleire enn dei som er med dei.

Og Elisa bad og sa: Herre! Opna augo hans så han kan sjå!» (2Kong 6:16-17) Profeten såg noko som tenaren ikkje såg. Han såg det Gud såg og så fekk han vitne for tenaren.

Berging kjem frå himmelen
Kva fekk tenaren sjå? Han fekk sjå at fjellet var fullt av hestar og eldvogner frå himmelen som bar bod om frelse og redning. I tru fekk han sjå at fienden var ynkeleg fortapt mot Herrens veldige hær. Den Gud som seier «Ver ikkje redd!» står ved sine løfter i sitt ord!

Så er det om å gjere at du og eg ved Guds ord får opna våre augo som tenaren, slik at me får sjå situasjonen frå Guds synstad. Ut frå menneskeleg ståstad er du og eg fortapt i denne verda, utan håp om berging. For synda si skuld står vi under Guds vreide og dom – evig fortapt. Og ofte ser det ut som om synda og vondskapen skal sigre i livet mitt.

Men kva seier Guds ord? Høyr! Lytt til profeten, til Ordet – til Gud sjølv! I Guds ord får du sjå noko anna. I Guds ord får du møte han som sigra for deg! I Guds ord får du sjå at Gud er forsona med syndaren i Jesus! I Guds ord møter du Sigerherren frå Golgata! I Guds ord møter du Guds løfter! I Guds ord møter du han som er vegen, sanninga og livet – han som gjev evig liv til alle som kallar på navnet hans!

På veg mot himmelen
Redninga er å søkje inn i Ordet. Der møter Gud syndaren, talar til han og viser si frelse. Der vert du spart for mykje frykt for framtida, for der står det om framtid og håp.

Brorson hadde opplevd noko av dette og difor kunne han syngje:

Jeg går blant engler hvor jeg går; De skal meg vel bevare, Slett intet Satans makt formår Mot slik en himmelskare. Bort verdens sukk og sorg, Jeg går i engleborg, Og ingen rører meg et hår – Jeg går blant engler hvor jeg går.

Jeg går til himlen hvor jeg går; Frimodig da, mitt hjerte! Kun dit hvor du en ende får På all din synd og smerte! Bort verdens lyst og prakt, Til himlen står min akt! All verdens eie jeg forsmår – Jeg går til himlen hvor jeg går.

Sb. 348. 4,6