Korleis arbeider den vonde?

Korleis arbeider den vonde?
Av Dag Rune Lid

«For Gud står dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.» 1 Pet 5:5

Dette verset skil menneska i to flokkar. Nokon vert Guds motstandarar, medan andre får nåde. Grunnskaden i menneskenaturen kjem fram her, nemleg det stolte sinn. Men det vitnar også om nokon som Gud fekk audmjuka.

Overmot, hovmod og eigenrettferd er grunnskaden i menneskehjarto. Djevelen var sjølv ein engel av høg rang, men overmot og hovmod førte til at han vart utestengd frå himmelen. No unner ikkje djevelen ei einaste sjel å nå himmelens herlegdom. Difor brukar han same taktikk på di og mi sjel. Han veit at får berre overmot og hovmod mot Gud rom i hjarta, vert me også utestengde frå Guds himmel.

Djevelen svartmalar
Når du, uomvendte lesar byrjar verta uroleg for at du ikkje har det rett med Gud, –kva gjer djevelen då? Jau, då vert han redd for at du skal lytte til Sanninga, til Guds ord. Klarar han få deg bort frå Sanninga, er hans viktigaste siger vunnen. Men han opptrer som ein ljosengel (2Kor 11:14), og igjen og igjen minner han deg på: «Kva vil skje om du skulle verta ein kristen? Kva vil ektemaken, borna, naboar, vener, arbeidskollegaer seie? Du vil misse alle vener! Ektefellen vil forlate deg! Borna vil snu deg ryggen!» Han malar kostnadene med å verta ein kristen så enorme, ja heilt uoverkomelege. Men hugs at Bibelen omtalar djevelen som far åt løgna. Tusener har erfart det stikk motsette då dei tok imot Jesus – «eg vener finn som aldri før, for no er Jesus min.»

Kva skjer når djevelen lyg for deg? Jau, i dei aller fleste tilfelle byrjar mennesket sitt stolte sinn å gje han rett. Du byrjar kalkulere og rekne på kostnadene med å bli ein kristen. Kva vert resultatet om du gjev han øyra? Jau, du opplever at prisen, audmjukinga og skamma overfor dei andre vert enorm. Men den forferdelege sanninga er at alle som slik er blitt bedregne av djevelen, no lid i den evige fortaping fordi dei trudde løgna og ikkje sanninga. Overmot og eigenrettferd gjorde dei til Guds fiendar.

I møte med Sanninga
Men Guds ord talar om at nokre menneske likevel blei frelste – ja at det heime i himmelen er ein uteljande skare frå alle folk og stammer. Korleis kan det ha skjedd? Jau, det menneske som gjev Guds ord rom i hjarta – får møte Jesus, Han som er sjølve Sanninga. Guds ord byrjar vise deg kven du er i deg sjølv – at du er ein fortapt syndar. Bibelen vitnar om at du er fødd inn i denne verda med ein natur som ikkje høver inn i himmelen. Slik du er i deg sjølv, er du likefram utestengd frå himmelen for evig.

Du ser at ditt stolte og hovmodige sinn, dine tankar, ord og gjerningar ikkje held mål i møte med Gud. Sjølv dine finaste gjerningar er smitta av synd. Kor god, from og snill du er – om du er betre enn alle du veit om, likevel er du fortapt i møte men den heilage Gud. Du innser at vender du ikkje om, så går du evig fortapt. Kanskje du endåtil byrjar å miste nattesøvnen, det gjorde kong David (Salme 32). Likevel er det som om du ikkje maktar å slite deg laus frå djevelen og deg sjølv. Du klarer ikkje omvende deg! Du får ikkje til å bli ein kristen slik du ville! Du erfarer at det vert verre og verre, ja at du er fortapt, utan håp om redning.

Sanninga set fri
Trur du Jesus har gløymt deg? Nei, han ser deg! Han talar milde ord til syndarar i naud. Han vil ikkje tale om dom til deg, men om frelse og fred. «For eg er ikkje komen for å døma verda, men for å frelse verda,» (Joh 12:47) seier han. Jesus kom for å leita opp og frelse det som var fortapt. (Luk 19:10)

«Audmjuk dykk difor under Guds veldige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid.» (1Pet 5:6) Det menneske som let seg audmjuka av Guds ord, vert frelst og opphøgd for Jesu skuld. Å få møte den levande og oppstandne Jesus til frelse – det er den sanne lukka i livet – og den varer evig! Eig du denne lukka? Den er til deg! Ta imot henne i dag, medan det enno er nådetid!