– Eg tok feil!
Ein person sat vakt ved eit dødsleie. Personen som låg i senga hadde vore ateist, og ville ikkje ha noko med Gud å gjere. No låg han i ein døs og det gjekk mot døden. Plutseleg reiser han seg opp i senga og seier tydeleg: – Eg tok feil! Så seig han tilbake og anda ut. Eg tykte det var tragisk å høyre det fortalt. Men Bibelen talar klart om at det finst ein himmel og eit helvete, sjølv om det er ei sanning som menneske ikkje vil lytte til i dag. Etter kvart som vårt samfunn vert meir og meir avkristna, er det færre og færre som kjem under sann bibelsk forkynning, der sanninga om dei to utgangane på …