Bøna si kraft og verknad
Eg høyrde nettopp om ei eldre kvinne som hadde treft på ein mann. Kvinna hadde spurd om ho fekk lov å be for han. Det var han positiv til. Ho kunne få lov til det, sa han. Ved eit seinare høve trefte kvinna mannen att, og igjen kom ho til å spørje om ho fekk lov å be for han.–Nei, det får du ikkje lov til, svara han. Sist gong du bad for meg var eg uroleg i eit halvt år etterpå. Trufaste forbedar! Hugs på Bibelens mektige løfte om den veldige verknaden ei rettferdig kvinne eller ein rettferdig mann si bøn har når ein får leggje bønebegjæra fram for allmakta sin Gud i Jesus namn – slik det står …