Utan Den Heilage Ande kan me ikkje forstå skriftene

Utan Den Heilage Ande kan me ikkje forstå skriftene
Av Godtfred Nygård

Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger. Og om ei lita stund att skal de sjå meg. Då sa nokre av læresveinane til kvarandre: Kva meiner han med dette han seier til oss: Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om ei lita stund att skal de sjå meg, og: Eg går til Faderen? Difor sa dei: Kva tyder dette som han seier: Ei lita stund? Vi skjønar ikkje kva han talar om.

Joh 16:16-18

Det er Jesus som seier dette til læresveinane sine etter at han har vore saman med dei i om lag tre år. No skal han skiljast frå dei for ei lita stund. Men det verkar som om alt han har prøvd å læra dei gjennom desse åra, har gått hus forbi, for dei forstod ingenting. Dei har hatt store opplevingar saman med Jesus, der dei såg at han gjorde sjuke friske, dreiv ut vonde ånder, vekte opp døde og sette fangar i fridom ved forkynninga av evangeliet. Me kan seia det slik som Peter i 2Pet 1:16: «Men vi hadde vore augnevitne til stordomen hans.»

Kva vanskar dei møtte, så ordna Jesus opp. Og no ville han gå frå dei, nei dette forstod dei ikkje. Men i Joh 16:7 står det:» Men eg seier dykk sanninga: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går eg ikkje bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, då skal eg senda han til dykk.» Og i Joh 14:18 står det: «Eg skal ikkje lata dykk att farlause, eg kjem til dykk.» Me som lever i dag veit at han kom til dei på påskedag då han sto opp frå dei døde.

Læresveinane som hadde vore fortvila og fulle av sorg, blei svært glade då dei såg Herren. Gleda dei hadde fått, kunne ingen ta frå dei. Men dei var endå redde for jødane og sat bak låste dører. På pinsedag blei dei døypte med Den Heilage Ande. Då blei dei nye menneske og kunne ikkje teia med det dei hadde sett og høyrt, og vitna med frimod om Jesus.

Slik er det også i dag. Me kan eiga ein viss kunnskap om Jesus, men utan at me har fått Den Heilage Ande – er blitt født på ny, er me hjelpelause, fortapte menneske som ikkje forstår skriftene.

Han hadde rett, Tobias Clausnitzer, då han i år 1663 skreiv sangen på nr. 25 i sangboken. Her er de 2. verset:

Vår formørkede forstand
Kan jo ikke sannhet kjenne,
Uten din den gode Ånd
Vil i oss sitt lys opptenne;
Godt å tenke, tale, gjøre,
Dertil må din Ånd oss føre.