Kristus, vårt liv – vårt kristenliv

«De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. Når Kristus, vårt liv, vert openberra, då skal de òg verta open- berra i herlegdom saman med han.» (Kol 3:3-4)

Det var mitt Jesus gjorde – og ditt. Det Jesus har gjort, skal ikkje du gjera. Du skal berre sjå hen til det som hende i Getsemane og på Golgata. Der ser du Jesu strid for deg. Jesus gjorde ikkje sitt, men ditt. Det var ditt liv Jesus levde, det var di straff han tok på seg. Jesus er din «Stedfortreder», som gjorde det du skulle ha gjort, men ikkje kunne og ikkje kan.

Jesus tok din plass. Du vart halden utanfor. Så levde han ditt liv – frå vogge til grav.

Trur du det er nok for deg? «Gud godtok det offer han brakte». Ser du at det var ditt liv Jesus levde? Han levde det for deg, på dine vegne. Ser du at du er frelst ved hans gjerning? Jesu gjerning er di gjerning. Jesu lov-oppfylling er di lov-oppfylling. Den som oppfyller lova, skal leva, seier Ordet.

Dette eig du ved tru. Kva vil det seia? Du ser at det er nok. Det er fullført! Du finn kvile i det Jesus har gjort for deg. Og du har gjort det du skulle vera og gjera – gjennom din «stedfortreder».

«Dykk òg, som før var framande og fiendar av sinnelag, i dykkar vonde gjerningar, har Gud nå forlikt med seg sjølv i kjøtslekamen hans ved døden, for å stilla dykk fram for sitt åsyn, – heilage, ulastande og ustraffelege, om de berre held ved i trua, grunnfeste og faste, og ikkje let dykk rikka frå den vona evangeliet gjev.» (Kol 1: 21-23)

Når ein tenkjer på kva det kosta Jesus for at vi skulle bli berga frå ei evig fortaping, så har han på våre vegne fortent at vi skal få frelse for ingenting, som ei gåve, ved tru. Og trua er også ei gåve. Når vi fattar tillit til det Jesus har gjort, så har vi trua. Dersom trua er ei viljesak, noko du skal få til, så er det ikkje ei frelsande tru. Då blir trua ei gjerning.

Nei, i Guds rike får vi alt for ingenting. Trua kjem til oss gjennom forkynninga av evangeliet. Når trua er ei gåve, så er det ikkje noko vi kan ta, difor må vi høyra og lesa Guds ord, slik det er gjeve oss som lov og evangelium. Lova kler av oss og viser oss at vi er fortapte. Evangeliet ikler oss – Kristi rettferd.

«Jesus er alt for deg, fordi han har gjort alt i ditt sted. Derfor er du rettferdig for Gud.» (H.E. Nissen)

Vårt liv som kristne

Kva så med livet? Har det noko å seia korleis ein kristen lever? Ja, mykje! Dei som ikkje les i Bibelen eller høyrer Guds ord forkynt, dei les våre liv – og gjer seg sine tankar om oss og vår kristendom. Også dine medbrør kan ana om det er noko som skurrar.

Fire personar stadfester for oss skilnaden på eit godt og eit dårleg føredøme. Vi ser det når vi samanliknar Josef og Samson, Abraham og Lot – og kva det fekk å seia i deira liv, deira samtid og i framtid. Men alle desse levde med Herren, sjølv om Den Heilage Ande forlet Samson utan at han visste det. Men det ser ut som han vende om på slutten av sitt liv og fekk sin styrke tilbake.

Dersom du berre vil høyra evangeliet, så går det slik at det du har i hjarta, om du har noko, det flyttar opp i forstanden, sjølv om du tilsynelatande har det same lys i evangeliet som før. Årsaka til det er at du har ikkje behov for evangeliet. Det kjem seg igjen av at ikkje lova får døma deg. Du leitar etter trøysteord – utan å vilja omvenda deg frå det som ikkje er rett i livet ditt, det som Den Heilage Ande peikar på.

«For de vart kalla til fridom, brør. Lat berre ikkje fridomen verta eit påskot for kjøtet…» (Gal 5:13)

Det nyttar ikkje kor evangelisk du er i tale når livet vitnar imot. Det er ikkje nok at du erkjenner din tilstand. Du må omvenda deg frå det som Ordet peikar på i ditt liv – og ikkje berre rosa deg av evangeliet. Du kjem ikkje under lova om du let Guds ord døma deg. Herren vil ha deg i tale.

Skal eg måtta venta med å ta til meg evangeliet? Skal eg nå ein viss standard før eg kan tru, før eg kan ta til meg Guds nåde? Nei, evangeliet er og blir av nåde.

Ein annan avveg er at du kan ta trøyst av di eiga synd, og tenkjer at du på grunn av di synd, det at du er ein syndar, kan ta til deg evangeliet. Du betalar for evangeliet med di synd. Det er din inngangsbillett til evangeliet. Du oppfyller kravet: Du er så syndig at du har rett på evangeliet! Nei!

Evangeliet er for uverdige som ikkje har noko å betala med, verken med synd eller gode gjerningar, verken med åndeleg rikdom eller åndeleg fattigdom.

Det er og blir av berre nåde.